Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Organisasjon X - ditt eige forskingsprosjekt om arbeidsmiljø

Kva meiner ein tilsett om arbeidsmiljøet der hen jobbar, og kva kjenneteiknar det fysiske og psykososiale arbeidsmiljøet på arbeidsplassen?
Representanter for forskjellige yrkesgrupper. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Her skal du prøve deg på eit lite forskingsprosjekt. Viss du har ein jobb sjølv, kan du gjerne ta utgangspunkt i din eigen arbeidsplass. Du kan også ta utgangspunkt i ei gruppe tilsette ved skulen, til dømes kan du spørje dei som jobbar med reinhald, administrativt tilsette, eller lærarane. Ta utgangspunkt i nærmiljøet ditt, der det kan vere enklare å finne nokon som vil la seg intervjue og ein arbeidsplass du kan besøke for å observere.

CC BY-SASkrive av Kristin Sundstrøm.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Rettar og plikter i arbeidslivet