Hopp til innhald

Fagstoff

Frivillig arbeid

Meir enn halvparten av befolkninga i Noreg deltek i frivillig arbeid, og dei gjer ein stor innsats for andre menneske og for samfunnet utan å få løn for arbeidet. I denne filmen møter du frivillige som fortel kva det betyr for dei å bidra på denne måten.

Utfordringar til deg

  1. Gjer greie for kva den frivillige innsatsen betyr for

    1. personar som får hjelp og støtte frå frivillige
    2. dei frivillige som deltek
    3. det norske samfunnet
  2. Kva må til for at du skal engasjere deg i frivillige organisasjonar?
  3. Korleis kan du motivere endå fleire til å bidra i frivillig arbeid? Diskuter i klassen.

Kjelde

Kulturdepartementet. (u.å). Frivillighet. Henta 10. desember 2020 frå https://www.regjeringen.no/no/tema/kultur-idrett-og-frivillighet/frivillighet/id1080/

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan. Rettshavar: Terranova Media
Sist fagleg oppdatert 10.12.2020

Læringsressursar

Frivilligheit