Oppgave
Kommunikasjon utan ord
Ikkje-verbal kommunikasjon er det vi formidlar utan å nytte ord. Jobb med fagstoffet, prøv ut korleis kroppsspråk kan påverke ein bodskap, og diskuter dette i mindre grupper.
Les artikkelen om ikkje-verbal kommunikasjon, og oppsummer for deg sjølv kva ikkje-verbal kommunikasjon er.
Gå saman og bruk stemma på ulike måtar. Ha same bodskap, men varier
- styrke (sterk/svak)
- tonefall (stigande/søkkande)
- tempo (raskt/sakte)
- pausar (korte/lange)
- klang (hard/mjuk/monoton og så vidare)
- rytme (rask/roleg/stotrande og så vidare)
Diskuter kva nytte de kan ha av å bruke stemma på ulike måtar når de jobbar.
- Bruk blikket til å signalisere ulike kjensler. Klarer resten av gruppa å tolke deg? Kva nytte har de av å kunne tolke blikk?
- Bruk ansiktsuttrykk til å signalisere ulike kjensler. Klarer resten av gruppa å tolke deg? Diskuter kva nytte de har av å kunne tolke ansiktsuttrykk.
- Finn døme på gestar og kropprørsler som blir nytta i ulike kommunikasjonssituasjonar.
- Diskuter kva de kan finne ut om personane på biletet over, berre ved å sjå på kleda. Diskuter farar ved å setje menneske i bås etter korleis dei ser ut, og kva dei har på seg.
Nokre skular har skuleuniform.
- Kva kan grunnen vere til at nokre land vel å bruke skuleuniform?
- Kva fordelar og ulemper ser de med bruk av skuleuniform?