Hopp til innhald

Fagartikkel

Det somaliske samfunnet – nomadisk samfunnsstruktur og klansystem

Først og fremst er det dei naturgitte forholda som har påverka busetnaden og samfunnsforma i Somalia. Den tradisjonelle nomadekulturen som voks fram i ørkenlandskapet mellom Etiopia og Adenbukta, har gjennomsyra det somaliske samfunnet heilt fram til i dag.

LK06
Somaliske nomader med dromedarer i et borgerkrigsherjet Somalia i 1992. Foto.

Nomadane

Nomadane hadde kyr og geiter som dei gjette og tok med seg over store område, etter kvar beiteressursane fanst på dei ulike tidene av året. Nomadane reiste i grupper som utgjorde éin eller fleire kjernefamiliar. På bestemte tider av året og i nærleiken av oasar eller andre viktige stader møttest ein gjerne til større samlingar for å utveksle informasjon, handle og vere saman. Ikkje minst var desse møta viktige for at unge kunne møte dei framtidige ektemakane sine.

Det somaliske nomadefolket var òg handelsfolk og utgjorde ei viktig kommunikasjonslinje mellom Etiopia og den arabiske halvøya. Dei handla med den bufaste fiskarbefolkninga langs kysten, og dei frakta varer som kom med skip inn til hamnene i Adenbukta. Dei selde òg eigne produkt, mellom anna skinn, huder og andre foredla landbruksprodukt. Kamelen var det mest vanlege transportdyret. Kamelane kunne greie seg i fjorten dagar i ørkenen utan vatn, og dei var i tillegg eit statussymbol.

En ung kvinne gjeter en geiteflokk i en sandstorm. Foto.

Ung kvinnne gjeter i ein sandstorm. Kjønnsrollene i det nomadiske samfunnet var faste.

Kjønnsrollene i dette samfunnet var tydelege og faste. Gutane handterte kamelane, medan jentene tidleg blei lærte opp til å ta vare på geitene og kyrne. Mennene og gutane var ofte på lengre handelsreiser med kamelane, medan kvinnene og barna heldt seg i nærleiken av vasshola, saman med kyrne og geitene.

Klanen

Jorda i det somaliske området var skrinn. Bortsett frå fiskarbefolkninga langs kysten og nokre samfunn sør i Somalia var størstedelen av befolkninga ikkje bufaste. Det gjorde at relasjonar og maktsystem måtte byggjast over store landområde. Det kan vere ein av grunnane til at slekta eller klanen fekk ei så viktig rolle i somalisk samfunnsbygging. Klanen var eit slags «velferdssystem» som fungerte som tryggingsnett for medlemmene. Tilbake blei det stilt tøffe krav om lojalitet og bidrag til fellesskapen. Klanane forhandla seg imellom om kompensasjon dersom det var gjort eit lovbrot. På denne måten fylte klanane dei same funksjonane som eit moderne rettsapparat har. Arrangerte ekteskap blei ofte brukte for å skape alliansar mellom dei ulike klanane.

Oversikt over klanfamilier i Somalia i 1977. Kart.

Kart som viser klanfamiliar og kor dei høyrer til i Somalia. Kartet er laga i 1977.

I dag blir omkring 85 prosent av folket i Somalia rekna som etnisk somaliske. Folket er organisert i fire hovudklanar, med undergrupper. Dei fire hovudklanane er Dir, Darod, Hawiye og Isaaq. I tillegg finst det ei femte gruppe, som blir kalla Rahanweyn, og ei sjette gruppe, som består av mindre klanar. Kva klan ein høyrer til, er avhengig av avstamminga. Tilhøyrselen er patrilineær, det vil seie at han følgjer mannslinja. Likevel er ein òg tett knytt til klanen til mora. Dei fire hovudklanane trekkjer røtene sine tilbake til to historiske personar. Den eine, Irir Samaale, har gitt namn til landet og skal ha kome til Somalia frå Jemen på 800-talet. Den andre, Abdirahman bin Isma'il al-Jabarti (sjeik Darod), innvandra til Somalia på 1000- eller 1100-talet. Historia om desse opphavspersonane er blitt overlevert i munnleg tradisjon gjennom hundreåra. Klanar er òg blitt splitta, har inngått alliansar og har fusjonert opp gjennom tidene. Og alt er bevart i det kollektive minnet til folket.

Abdirahman bin Isma'il al-Jabarti

Abdirahman bin Isma'il al-Jabarti blir rekna som stamfar til Darod-klanen. Etter tradisjonen skal han ha blitt utvist frå Arabia og kom til Somalia som flyktning. Her grov han ein brønn som han drakk av. Ein dag blei han oppdaga av Doombiro, medan ho gjette dyra sine. Darod lét dyra hennar drikke av brønnen, og ho kom tilbake dagen etter. Doombiro var dotter av Dir. Dir skulle sjølv bli stamfar til ein av dei andre hovudklanane. Ein dag oppdaga Dir at dyra drakk av brønnen til Darod. Då la Darod ein stor stein over brønnen og klatra opp i eit tre. Etter iherdige forsøk, og trass i hjelp frå fleire menn frå landsbyen greidde ikkje Dir å flytte på steinen. Han måtte derfor be Darod kome ned frå treet for å fjerne han. Darod godtok dette på eitt vilkår – at han fekk gifte seg med Doombiro. Slik blei altså Darod og Doombiro stamforeldre til Darod-klanen.

Noko av årsaka til at denne historia har overlevd, kan vere at ho har vore med på å stadfeste klantilhøyrselen for nomadiske somaliarar heilt fram til i dag.

Sist oppdatert 26.03.2018
Skrive av Amund Pedersen
Rettshavar: Kommuneforlaget

Læringsressursar

Somalia 1960–2000