Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Grunnleggjande omgrep og samanhengar

Omgrepa på denne sida må du lære deg.

2.1.1

Korleis definerer vi

a) ei linje?

vis fasit

Ei linje inneheld uendeleg mange punkt. Linja har ei uendeleg utstrekning i begge retningar.

b) eit linjestykke?

vis fasit

Eit linjestykke er ein del av ei linje og er avgrensa av to endepunkt.

c) ein stråle?

vis fasit

Ein stråle er ein del av ei linje og er avgrensa av eitt endepunkt. Strålen har uendeleg utstrekning i éi retning.

2.1.2

Teikn ein rett, ein spiss og ein stump vinkel.

vis fasit
Rett vinkel. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Spiss vinkel. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Stump vinkel. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein rett vinkel er 90°.

Ein spiss vinkel er mindre enn 90°.

Ein stump vinkel er større enn 90°.

2.1.3

a) Teikn to komplementvinklar.

vis fasit
Komplementvinkler. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

b) Teikn to supplementvinklar.

vis fasit
Supplementvinkler. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

2.1.4

Set saman omgrep og forklaring


Geometrisk omgrep

Forklaring

1

Punkt

a

Inneheld uendeleg mange punkt, har uendeleg utstrekning i éi retning

2

Linje

b

Avgrensa av to endepunkt

3

Linjestykke

c

Har inga utstrekning, men har ein bestemt posisjon

4

Stråle

d

Inneheld uendeleg mange punkt, har uendeleg utstrekning i begge retningar

5

Plan

e

Har uendeleg utstrekning i to dimensjonar

vis fasit

1c, 2d, 3b, 4a, 5e

CC BY-SASkrive av Stein Aanensen og Olav Kristensen.
Sist fagleg oppdatert 26.04.2018

Læringsressursar

Grunnleggjande omgrep og samanhengar