Praktisk oppgåve: varmestyring - Energi- og styresystem (EL-ELE vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Praktisk oppgåve: varmestyring

I dette læringsoppdraget skal du planlegge, utføre og gjennomføre sluttkontroll på installasjon av eit system for varmestyring i ein privat bustad. Du skal også utarbeide aktuell anleggsdokumentasjon.

Planlegging

Ein kunde ønsker tilbod på ei komplett løysing for oppvarming av ei stove på 40 kvadratmeter. Stova skal totalrenoverast. Det er fire vindauge i stova, og takhøgda er 3 meter. Kunden ønsker parkettgolv og er open for både golvvarme, smarte panelomnar og varmepumpeløysing.

Her står du fritt til å foreslå ei løysing, men du bør kunne grunngi vala dine overfor kunden. Både pris, kvalitet og omsyn til klima og miljø (energiforbruk) vil vere relevante argument her.

  1. Foreslå ei løysing for kunden, og planlegg kva du treng av materiell, utstyr og verktøy.
  2. Lag installasjonsteikning og koplingsskjema.
  3. Gjer ei risikovurdering for arbeidet.

Relatert innhald

Fagstoff
Varmeberekning

Framgangsmåte for varmeberekning av eit rom i ein bustad.

Fagstoff
Varmekjelder

Vi tek her for oss dei mest brukte elektriske varmekjeldene i ein bustad. Bruksområde, installasjon og verkemåte blir omtalt.

Praktisk utføring

Kople opp installasjonen din slik du har planlagt han. Pass på at du monterer installasjonen fagmessig og følger normer og forskrifter. Dei viktigaste momenta her er å feste k-røyr, veggboksar og takboksar forskriftsmessig, å skru godt til i alle koplingar og å sjekke at koplingane er varige og solide. Sjå eigne instruksjonsvideoar om dette.

Relatert innhald

Test og sluttkontroll

Installasjonen skal vere sikker både for brukaren og for den som arbeider med han. Gjennomfør sluttkontroll og funksjonstest av anlegget ditt.

Relatert innhald

Fagstoff
Kontinuitetsmåling

Når vi gjennomfører ei kontinuitetsmåling, måler vi motstanden frå fordeling til alle jordingspunkt.

Dokumentasjon

Utarbeid komplett anleggsdokumentasjon der du får med desse punkta:

  1. kursforteikning
  2. installasjonsteikning
  3. koplingsskjema
  4. dokumentasjon av kabel og vern
  5. materialliste
  6. samsvarserklæring
Skrive av Bjørnar Mortensen Vik.
Sist fagleg oppdatert 12.06.2023