Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Varme og varmestyring

Fagstoff
Video

Varmekjelder

Her skal vi ta for oss dei mest brukte elektriske varmekjeldene i ein bustad. Bruksområde, installasjon og verkemåte blir omtalt.

Elektrisk oppvarming

  • har låge investeringskostnader
  • er enkel å installere, også i etterkant
  • passar alle delar av ein bustad
  • er effektiv
  • er tilnærma vedlikehaldsfri
  • er miljøvennleg
  • er enkel å tilpasse
  • har nøyaktige og raske reguleringssystem som reduserer straumforbruk og gir auka komfort
  • gjer det enkelt å senke temperaturnivået, til dømes om natta, for å spare straumutgifter

Varmekjelder

Vi har mange typar varmekjelder. Nokre eignar seg til romoppvarming, andre til frostsikring, terrassevarmar og så vidare. Vi går ikkje inn på alle desse varmekjeldene her, men vi tek for oss dei mest brukte i bustader i dag.

Veggmontert varmeomn

Det finst mange typar veggmonterte varmeomnar. Her tek vi for oss gjennomstrøymingsomnen. Denne varmekjelda er nok den mest utbreidde, mest tenelege og enkle varmekjelda vi har.

Omnen blir brukt til romoppvarming i bustader. Denne omnstypen blir vanlegvis plassert under eit vindauge for å motverke trekken frå vindauget. Du bør då velje ein omn som er tilpassa breidda på vindauget. Enkelt forklart verkar denne omnen på den måten at kald luft stig gjennom varmeelementet og blir oppvarma. Den varme luftstraumen stig opp og hindrar mellom anna kaldraset frå vindauget.

Dei aller fleste varmeomnane av denne typen blir kopla til det elektriske anlegget med kabel og støpsel. Det er derfor vanleg at elektrikaren installerer stikkontakt i nærleiken av vindauget i dei forskjellige romma.

Nyare omnar kan som regel regulere varme automatisk, til dømes i form av nattsenking og senking av temperaturen på dagtid når folk ikkje er heime. Omnane kan fjernstyrast ved hjelp av wifi og appar på smarttelefonar.

Varmekabel

Varmekabel blir nytta til mange forskjellige formål, som til dømes oppvarming av bustad, frostsikring og snøsmelting. Her konsentrerer vi oss om oppvarming av bustad. Det finst varmekabelmatter, varmekabel integrert i parkett og så vidare. Her tek vi for oss den tradisjonelle varmekabelen som du kan kjøpe i ferdige element eller i metervare.

Varmekabel

  • gir komfortabel oppvarming
  • er driftssikker
  • er vedlikehaldsfri
  • gjer at bustaden aukar i verdi
  • gir jamn varmefordeling
  • eignar seg i dei fleste rom og for dei fleste golv
  • gir høg grad av brann- og el-tryggleik
  • er usynleg
  • gir betre plass samanlikna med veggmontert varme

Varmekabel, og installasjon av denne, blir kalla skjult varme. Når vi installerer slik skjult varme, må vi rette oss etter forskrifter og normer.

Varmepumpe

Knapt noko varmekjelde har hatt slik salsauke som varmepumpa. I dei seinare åra har derfor stadig fleire huseigarar installert denne varmekjelda i bustaden sin.

Bakgrunnen er nok at varmepumpa er lett å installere, både i nye og gamle hus. Teknologien i ei varmepumpe dannar luft med låg temperatur om til luft med høgare temperatur ved hjelp av trykk og gass/væske.

Denne teknologien verkar slik at ei varmepumpe bruker mindre energi enn ei "vanleg" varmekjelde. Dette fører til lågare straumrekning, og vi tek betre vare på miljøet. Ei varmepumpe blir styrt av ein termostat.

Film: Varmepumpe (5:35)

Varmepumpe ute og innedel.

Video: Zoaring as / CC BY-SA 4.0
Skrive av Steinar Olsen og Bjørnar Mortensen Vik.
Sist oppdatert 19.02.2025