Hopp til innhald
LearningPath
Du er no inne i ein læringssti

Introduksjon

Hemmelegheita bak gode fotografi treng ikkje vere dyrt utstyr eller kompliserte tekniske løysingar. Å ta gode bilete handlar først og fremst om å kunne sjå motiv og finne den komposisjonen som framhevar motivet på best mogleg måte. 

 

 

Når du har gjennomført denne læringsstien, skal du kunne

  • fem grunnleggjande komposisjonsprinsipp innan foto: tredelsregelen, linjeføringar, forenkling og eliminering, rytme, og innramming 
  • finne att fem prinsipp i bilete andre har laga, og seie kva dei uttrykkjer
  • bruke desse fem prinsippa i ditt eige arbeid