Hopp til innhald

Oppgåve

I gutegarderoben

I 8. klasse er det fleire av gutane som ikkje ønskjer å delta i gymnastikk. Dei har sagt at dei kan delta dersom dei slepp å dusje. Dei vaksne har ikkje klart å finne ut kva årsaka til dette er.

Gutter som fniser og kanskje tar bilde av andre gutter i en garderobe. Bilde

Ein dag når Elias kjem inn i garderoben, blir han vitne til det du ser på biletet over.

  1. Kva bør Elias gjere når han oppdagar dette?
  2. Kven bør Elias snakke med etter at han har oppdaga dette?
  3. Kan situasjonen tolkast på ulike måtar?
  4. Kva konsekvensar får det dersom det er teke bilete med mobiltelefonen?
  5. Tenk deg at du er Elias og skal snakke med
    – gutane som ikkje ønskjer å delta i gymnastikk
    – gutane med mobilkameraet
    – gutane som kanskje er filma
    Kva seier du til dei?
    Gå gjerne saman i grupper og gjennomfør samtalane.
Sist faglig oppdatert 11.01.2019
Skrive av Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid

Læringsressursar

Ungdomsskulen som arbeidsplass

Oppgåver og aktivitetar