Hopp til innhald

Fagstoff

Marknadsføring på nett

Mange elevar på yrkesfag vel å starte ei eiga elevbedrift, og må finne måtar å marknadsføre seg på. Ein vanleg metode er å nytte seg av digitale plattformer som eiga nettside, ein blogg eller ulike sosiale medium.
Hender som skriv på laptop, og eit grønt eple som ligg ved sida av. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Uansett kva slags medium du vel, kan desse tipsa vere nyttige:

Bruk mange og gode bilete!

Eit bilete seier ofte meir enn 1000 ord, og bilete er ein fin måte å vise fram kva slags verksemd det er, kva de sel, og kva for profil de har. Di fleire bilete, di meir informasjon får kunden, og di meir vil kunden bli freista til å prøve produktet dykkar. Hugs at bileta må vere av god kvalitet, og vere enkle å finne på nettsida.

Kva kan de tilby?

Har de ein eigen meny, legg denne ut slik at gjestane kan sjå kva de har å tilby. Kva er dagens tilbod? Her kan de gi ei god forklaring av rettane og prisnivå. Har de andre tilbod, som catering, gruppeprisar og liknande, kan dette òg kome fram her.

Sei ifrå til kundane at de har endra menyen, så dei ser at det er skjer nye ting. Hugs at når ein skiftar menyen i verksemda, må ein òg skifte han ut på nettet. Gjestane kan bli skuffa om dei les ein freistande meny, som viser seg å vere ein annan i restauranten eller på utsalsstaden. Lag gjerne menyen slik at han kan skrivast ut.

Kokkens tips

Bli gjerne ein ressurs for kundane dykkar, og gi dei gode tips og råd om oppbevaring og tillaging av mat, gode kombinasjonar, drikketips og liknande. Oppskrifter for kvar dag eller kvar veke som kundane kan prøve seg på.

Rabattar

Gi kundane dykkar ei påskjønning for at dei følgjer dykk på nettstaden, og gi dei nokre eksklusive rabattar som de legg ut som "Dagens tilbod", "Denne veka" og så vidare.

Konkurransar

Alle elskar konkurransar. Arranger ulike konkurransar som kan gi bedrifta meir merksemd. Døme: lik-og-del-konkurransar, der de trekkjer ut ein heldig vinnar av eit gåvekort.

Gi gjestane veiskildringar

Sjølv om gjestane har funne fram til nettsida eller bloggen, er det ikkje sikkert dei veit kvar dei kan finne dykk. Gode veiskildringar, anten ein kjem til fots eller med bil, kan vere lurt. Legg gjerne ved eit kart. Beskriv parkeringsmogelegheiter og eventuelle kollektivtilbod. Oppgi gjerne opningstider.

Skjermbilete av mobilskjerm med appar av sosiale medium. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

La kontaktinformasjonen vere godt synleg

Kontaktinformasjon som telefonnummer og e-post må liggje godt synleg og vere enkelt å finne. Kundar som må anstrenge seg for å finne kontaktinformasjonen, gir gjerne opp og finn nokon andre i staden. Dersom bedrifta er til stades på andre medium, kan ein også nemne dette her.

Gi ei fyldig skildring av kva bedrifta står for, og kven de er

Her kan ein godt beskrive kven som jobbar i bedrifta, og kva slags idé verksemda er bygd opp rundt. Satsar de på økologiske produkt? Eller er det tradisjonell husmannskost de satsar på? Uansett, gi ei skildring av kva de jobbar med, og kva som gjer dykk unike. Har bedrifta blitt omtalt i avisa eller vunne ein pris? Legg det gjerne ut slik at alle kan sjå.

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 07.06.2021

Læringsressursar

Marknadsføring