Hopp til innhald

Fagstoff

Tillaging av kaffi

Ein smakfull kopp kaffi kan lagast på ulike måtar. Her får du ei oversikt over dei vanlegaste tillagingsmetodane for kaffi.
Ei dame skjenkjer kaffi frå ei presskanne. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjele

Kaffikjele. Illustrasjon.
  1. Bruk ein rein kjele, helst av rustfritt stål.

  2. Mål opp rett mengd friskt, kaldt vatn.

  3. Kok opp, og trekk kjelen vekk frå plata.

  4. Mål opp kokemalen kaffi, rundt 60 g kaffi per liter vatn gir ein god og fyldig kaffi.

  5. Ha i den oppmålte kaffien, rør rundt, og la han trekkje i 6–8 minutt.

Kaffitraktar

Kaffitraktar. Illustrasjon.
  1. Mål opp rett mengd friskt, kaldt vatn.

  2. Ha filterpapir i haldaren.

  3. Skyl filterpapiret i vatn for å få bort "papirsmaken".

  4. Mål opp 60 g traktemalen kaffi per liter vatn.

  5. Slå på traktaren.

  6. Når alt vatnet har trekt gjennom filteret, er kaffien ferdig.

Presskanne

Presskanne. Illustrasjon.
  1. Kok opp friskt, kaldt vatn i ein kjele.

  2. Forvarm presskanna og stempelet.

  3. Ha i rett mengd kaffi. 60 g kaffi per liter vatn gir ein god og fyldig kaffi.

  4. Hell det kokte vatnet over kaffien, og rør om.

  5. Set på lokket med stempelet i øvre stilling mens kaffien trekkjer.

  6. Press ned stempelet, og server kaffien.

Nyttar du filtermalen kaffi, bør traktetida vere 4–5 minutt.
Nyttar du presskannemalen kaffi, bør traktetida vere 6 minutt.
Nyttar du kokemalen kaffi, bør traktetida vere 6–7 minutt.

Mokkakanne

Mokkakanne. Illustrasjon.

Mokkakanna gir ein intens kaffi som smakar litt bittert. Mange trur dei lagar seg ein kopp espresso, men det er eigentleg ein kopp mokka. Forskjellen er at vi ikkje får den same fine cremaen som dannar seg på ein riktig laga espresso.

  1. Fyll kaldt, friskt vatn opp til ventilen i nedste kammer.
  2. Ha i malen espressokaffi i filteret utan å presse det saman.
  3. Skru kanna saman, og set han på varmeplata.
  4. Når du høyrer ein fresande lyd og tre firedelar av kaffien har fylt seg i det øvre kammeret, tek du kanna bort frå plata.
  5. Kaffien er no klar til servering.

Kapselmaskin

Kapsel- og podmaskinane er enkle å betene, og du har store variasjonsmoglegheiter med ulike smakar. Ulempa er at det berre kan lagast éin kopp kaffi om gongen.

  1. Fyll opp vatn på vasstanken.

  2. Set inn ein kapsel med den typen kaffi du ønskjer.

  3. Set ein kopp under kaffiuttaket.

  4. Trykk på startknappen, og på kort tid har du bryggja deg ein kopp kaffi.

  5. Fjern kapselen etter bruk.

Manuell espressomaskin

Espressoen blir laga ved at vatn blir pressa hurtig gjennom finmalen kaffi under høgt trykk, optimalt 9 bar.

  1. Varm opp maskinen.

  2. Mal kaffien på kaffikverna.

  3. Fyll kaffien i filterhaldaren, og press saman med eit 15 kilos trykk. Set filterhaldaren på plass i maskinen.

  4. Set ein forvarma kopp under tappeholet til filterhaldaren, og start traktinga.

  5. Etter ca. 25 sekund skal du ha ein kopp espresso med ein fin crema på toppen.

CC BY-SASkrive av Norsk Kaffeinformasjon. Rettshavar: Norsk Kaffeinformasjon
Sist fagleg oppdatert 17.03.2022

Læringsressursar

Kaffi