Hopp til innhald

Fagstoff

Arbeidsmiljølova

Arbeidsmiljølova skal bidra til å sikre eit godt arbeidsmiljø, med trygge og rettferdige tilsetjingstilhøve. Ho skal sikre eit inkluderande arbeidsliv og samarbeid mellom arbeidstakarane og arbeidsgivarane.
To vaksne og fleire barn sit ute i snøen og et nistemat. Dei har skisko og eitt av barna står på ski i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Arbeidsmiljølova

Lov om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv. (arbeidsmiljølova) er laga nettopp for å sikre eit godt arbeidsmiljø for alle arbeidstakarar i Noreg. Formålet med lova er å sikre eit arbeidsmiljø som gir arbeidstakarane full sikkerheit mot fysiske og psykiske skadeverknader. Vidare skal lova sikre trygge tilsetjingstilhøve og likebehandling i arbeidslivet. Lova seier òg at det skal leggast til rette for tilpassingar i arbeidstilhøvet knytt til føresetnadene og livssituasjonen til den enkelte arbeidstakar.

Når du er i jobb som barne- og ungdomsarbeidar, gjeld arbeidsmiljølova for deg. I arbeidsmiljølova finn du kva krav det blir stilt til arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. I tillegg står det kva rettar du har, og om plikta du har til å medverke til eit godt arbeidsmiljø på arbeidsplassen.

Trygg arbeidsplass

For å ta vare på sikkerheita til dei tilsette skal arbeidsgivar sørge for at det blir utført systematisk helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid (HMS) på arbeidsplassen. Arbeidsgivar skal gi alle tilsette opplæring i helse, miljø og sikkerheit. Målet er at alle dei tilsette kan setje seg inn i systema som blir nytta på arbeidsplassen, og utføre jobben på ein trygg måte. Du skal kjenne til kva rutinar og reglar som gjeld i verksemda og medverke til at tiltak blir gjennomførte.

Som arbeidstakar plikter du å aktivt bidra til å skape eit godt og sikkert arbeidsmiljø. Dette er nokre av pliktene dine:

  • Du skal bruke påbode verneutstyr, vise varsemd og elles medverke til å hindre ulykker og helseskadar.
  • Du skal straks gi beskjed til arbeidsgivar eller verneombod dersom du blir merksam på feil eller manglar som kan medføre fare for liv eller helse, og du ikkje sjølv kan rette på saka.
  • Du skal òg gi beskjed til arbeidsgivar eller verneombod dersom du blir kjend med at det finst trakassering eller diskriminering på arbeidsplassen.
  • Du skal avbryte arbeidet dersom du meiner at det ikkje kan halde fram utan å medføre fare for liv eller helse.

Som arbeidstakar har du rett til å varsle om kritikkverdige tilhøve på arbeidsplassen. Dette kan til dømes vere når det er fare for liv og helse, klima og miljø, korrupsjon eller eit uforsvarleg arbeidsmiljø. Rett til å varsle betyr ikkje det same som at du har plikt til å gjere det. Når du har ansvar for liv og helse for andre, er det viktig å tenke på at brukarar kan vere avhengige av at dei tilsette gir beskjed dersom det er kritikkverdige tilhøve på arbeidsplassen som gjer at drifta ikkje er forsvarleg.

Verneombod

Arbeidsplassar med meir enn fem tilsette skal ha eit verneombod. Verneombod skal ta vare på interessene til arbeidstakarane i saker som gjeld arbeidsmiljøet. Verneombodet skal sjå til at verksemda er innretta og halde ved like, og at arbeidet blir utført på ein slik måte at omsynet til sikkerheita, helsa og velferda til arbeidstakarane er vareteke i samsvar med føresegnene i arbeidsmiljølova.

Arbeidsmiljøutval

I bedrifter som jamleg sysselset minst 30 arbeidstakarar, skal det vere eit arbeidsmiljøutval, der arbeidsgivaren, arbeidstakarane og bedriftshelsetenesta er representerte. Det skal òg bli oppretta arbeidsmiljøutval i verksemder med mellom 10 og 30 arbeidstakarar når ein av partane krev det. Arbeidsmiljøutvalet skal arbeide for å få gjennomført eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø i verksemda. Utvalet skal delta i planlegginga av verne- og miljøarbeidet, og nøye følge utviklinga i spørsmål som gjeld sikkerheita, helsa og velferda til arbeidstakarane.

Opne bilete i eit nytt vindauge

Arbeidstid

Arbeidsmiljølova gir detaljerte føresegner om arbeidstid. Den vanlege arbeidstida må som hovudregel ikkje overstige ni timar i løpet av 24 timar, og 40 timar i løpet av sju dagar. I arbeidsmiljølova er det òg føresegner om overtid og pausar.

Permisjon

Arbeidsmiljølova gir reglar for rett til ulike typar permisjon. Det er rett til svangerskapspermisjon, omsorgspermisjon, fødselspermisjon og foreldrepermisjon. Vidare gir lova rett til permisjon ved sjukdom hos barn eller barnepassar og rett til permisjon i 60 dagar for den som pleier nærståande i sluttfasen til livet.

I arbeidsmiljølova finn du òg reglar om utdanningspermisjon og dessutan permisjon ved pliktig og frivillig militærteneste.

Vern mot diskriminering

Arbeidsmiljølova slår fast at det er forbod mot diskriminering. Både direkte og indirekte diskriminering på grunn av politisk syn, medlemskap i arbeidstakarorganisasjon eller alder er forboden. Trakassering og instruks om å diskriminere personar av slike grunnar blir òg sette på som diskriminering. Desse føresegnene gjeld òg når det skjer diskriminering av ein arbeidstakar som arbeider deltid eller er mellombels tilsett.

Reglar om diskriminering på andre grunnlag enn dei som er omtalte over, er samla i likestillings- og diskrimineringslova. Denne lova gjeld for alle samfunnsområde, òg for arbeidslivet.

Arbeidskontrakt og sluttattest

I arbeidsmiljølova står det at du har krav på ein skriftleg arbeidsavtale. Alle som jobbar, skal ha skriftleg arbeidskontrakt, uansett kor kort eller lang tid jobben varer. I kontrakten skal det mellom anna stå kor mykje du skal jobbe, om lønn og om kva slags arbeid du skal utføre.

Du har òg krav på skriftleg sluttattest. I arbeidsmiljølova er det reglar for kva ein attest skal innehalde. Attesten skal mellom anna fortelje kva du har gjort, og kor lenge du har jobba i bedrifta.

Utfordringar til deg

  1. Kva meiner du er ein trygg arbeidsplass?
  2. Kven gjeld arbeidsmiljølova for?
  3. Kvifor er det viktig at du kjenner til føresegnene i arbeidsmiljølova?
  4. Kvifor er det viktig å ha ein arbeidskontrakt?

Kjelde

Arbeidsmiljølova. (2005). Lov om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv. (LOV-2005-06-17-62). Lovdata. https://lovdata.no/lov/2005-06-17-62

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 19.03.2024

Læringsressursar

Rettar og plikter i arbeidslivet