Kommunikasjon
Alle menneske har behov for kontakt med andre og for å dele tankar, erfaringar, følelsar og ønske. Denne kontakten og utveksling av informasjon kallar vi kommunikasjon. Dei som deltek i ein diskusjon, må samarbeide. Dei må vere ærlege med kvarandre og gjere sitt beste for å forstå kvarandre rett.