Hopp til innhald
Du er no inne i ein læringssti

Oppgåver og aktivitetar

Forteljingar om urfolk

Vel deg eit urfolk som du vil lære meir om. Korleis lever dei, kva for kampsaker har dei, og kva for filmar og bøker er laga om dei?

Film om urfolk

Fordjup deg i eit urfolk

Filmen Rabbit-Proof Fence (2002), av den australske regissøren Philip Noyce, handlar om tre aboriginjenter i Australia som blir bortførte frå familien sin på 1930-talet. Jentene blir tekne av australske myndigheiter og plasserte på ein anstalt for å lære seg å bli "ekte australiarar". Dette var noko som skjedde med tallause aboriginbarn heilt fram til 1970-talet. Filmen er basert på boka Follow the Rabbit-Proof Fence av Doris Pilkington Garimara.

Rabbit-Proof Fence er saman med filmar som Whale Rider, En gang var vi krigere (Once We Were Warriors) og Sameblod døme på filmar som på ulikt vis, og med ulike perspektiv, skildrar korleis urfolk lever, og korleis dei har kjempa for å behalde språket sitt, landområda sine og den tradisjonelle levemåten sin.

Oppgåve

Vel deg først eit urfolk som du ønsker å studere nærare. Dette kan til dømes vere aboriginane i Australia, inuittane på Grønland, maoriane på New Zealand eller eit amerikansk urfolk.

a) Korleis lever dei?

b) Kva er dei viktigaste kampsakene deira?

c) Kva for filmar og bøker er laga om dei, og kva handlar dei om?

d) Er det nokon innanfrå eller utanfrå urfolksgruppa som har laga filmane eller bøkene?

e) Korleis trur du denne urfolksgruppa vil leve om 30 år?

CC BY-SASkrive av Anne Cathrine Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 18.01.2023