Verdikjeda og berekraftig utvikling
Når du kjøper ei vare, tenkjer du nokon gong på kva reise vara har vore på før ho kjem i butikken? Prosessen frå råvarer til endeleg produkt blir kalla verdikjeda. For å fremje kvalitet og berekraftig utvikling må vi analysere dei ulike ledda i verdikjeda.