Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Helsefremmande læringsmiljø

Eit helsefremmande miljø er ikkje berre viktig på arbeidsplassen, det er òg viktig på skulen.
Menneske som samarbeider om å skape idéar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Inkluderande arbeidsliv

Å vere skuleelev kan samanliknast med å vere tilsett i ei bedrift. Eit helsefremmande læringsmiljø er minst like viktig som eit helsefremmande arbeidsmiljø, og det er viktig at du er med og bidreg. Alle må vere med og "dra lasset", slik at alle kan trivast og bli trygge, vekse, meistre og utvikle seg.

Sjå denne vesle filmen om inkluderande arbeidsliv, og overfør det du ser og høyrer, til både skulekvardagen og praksisplassen din.

Diskuter oppgåvene under i klassen etter at alle har sett filmen.

Tekstversjon av filmen Helsefremmende arbeidsplasser

Har du høyrt om helsefremmande arbeidsplassar? At det kan vere ein samanheng mellom arbeidsplassar og helse er ingen ny tanke. Vi veit jo at arbeidsplassar kan vere helseskadelege. Kanskje til og med litt farlege. Derfor har vi lover og reglar som skal ta vare på oss. Og verneutstyr av mange slag som skal verne oss når vi er på jobb.

Men har du nokon gong tenkt på at det kan vere motsett? At jobben faktisk kan gi oss betre helse? Altså vere helsefremmande. Då trur du kanskje vi meiner å gå i trapper, ete frukt og sykle Birken? Men det er ikkje det vi tenker på. Det handlar om korleis jobben får folk til å føle seg. Om korleis arbeidsplassen kan styrke og utvikle oss. Det krev ikkje noko utstyr, treng ikkje å koste noko, og alle kan tene på det.

La oss sjå først på kva vi eigentleg meiner med helse. Dei fleste av oss tenker at viss vi er sjuke, har vi dårleg helse. Viss vi er friske, har vi god helse. Det er ikkje feil. Men vi kan òg tenke på helse på ein litt annan måte. Du kan vere sjuk, men føle at du har det bra. Eller du kan vere heilt frisk, men føle at du ikkje har det bra. Helse er litt meir enn det å ikkje vere sjuk. Det avgjerande er korleis du opplever at du har det. Det er den opplevinga helsefremmande arbeidsplassar handlar om.

Viss du skal føle deg bra, må du ha det bra på jobb. Men kva er det å ha det bra på jobb? Å berre gjere det du har lyst til? Nei, sjølvsagt ikkje. Noko av det viktigaste er å føle at du gjer nytte for deg, og at du får oppgåver du klarer på ein god måte. Når du klarer oppgåvene og jobben din, utviklar du deg. Du føler at du er klar for nye utfordringar. Det betyr mykje for sjølvkjensla og korleis du opplever eiga helse.

Det er òg godt å føle at du påverkar eige arbeidstilhøve. At du blir lytta til. Du skal vite kva som blir kravd, og du treng tydelege tilbakemeldingar. Samtidig er det sunt å få ros når vi fortener det.

Ein helsefremmande arbeidsplass gir mogelegheiter for utfordringar. Det er viktig for utvikling og trivsel. Derfor har fordeling av oppgåver mykje å seie. Viss alt dette er på plass i ein god, sosial fellesskap, då kan jobben gi oss den gode kjensla. Og viss jobben får oss til å føle oss bra, er han helsefremmande. Noko av det som er viktig, er altså meistring og utvikling, medverknad og rettferdig behandling, anerkjenning og ein god, sosial fellesskap.

Det er i alle si interesse å gjere ein arbeidsplass helsefremmande. Medarbeidarar som får betre helse og meir engasjement, blir meir kreative og meir produktive. Det fører til at verksemda går betre og blir tryggare, ein god sirkel der alle vinn. Alle miljø og alle menneske er ulike. Korleis kan arbeidsplassen din bli meir helsefremmande?

Oppgåver

  • Korleis kan de skape eit inkluderande læringsmiljø i klassen dykkar? Diskuter korleis de skal snakke med kvarandre, oppføre dykk mot kvarandre og vere mot kvarandre for å sikre eit inkluderande og helsefremmande læringsmiljø.
  • Korleis kan kvar og ein av dykk bidra til at de oppnår dette både på skulen og på praksisplassen dykkar?
CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 10.03.2023

Læringsressursar

HMS for eleven