Hopp til innhald

Lover og reglar

Det er mange lover og reglar som regulerer drift av verksemder innan servicenæringa. Som tilsett er det viktig å ha kjennskap til desse. Alle lovene finn vi digitalt på Lovdata.

Personvern

Vi har alle rett til privatliv og kontroll over eigne personopplysingar. Desse rettane er nedfelte i Grunnlova, menneskerettskonvensjonen og EU si personvernforordning (GDPR). I servicenæringa handsamar vi andre sine personopplysingar. Då må vi ha god styring på kva som er lov og ikkje.