Hopp til innhald
Fagartikkel

Sjølvkostkalkyle

Det finst ulike kalkylar vi kan bruke for å kalkulere salspris på eit produkt. Ønsker vi å sikre oss at prisen dekker alle kostnadene våre, og dessutan gir oss tilfredsstillande forteneste, kan vi nytte oss av sjølvkostkalkylen.

Kva er ein sjølvkostkalkyle?

Ein sjølvkostkalkyle er ein kalkyle for å berekne salsprisen på eit produkt, der fokuset er at salsprisen skal dekke alle kostnadene knytte til produktet, og dessutan gi oss ei tilfredsstillande forteneste. Når vi bruker sjølvkostkalkylen for å berekne salspris, har vi ei kostnadsbasert prissetjing.

Sjølvkostkalkyle i ei handelsbedrift

Ein butikk er ei typisk handelsbedrift, som kjøper inn produkt for å selje vidare. Vi deler kostnadene til ein butikk inn i direkte kostnader og indirekte kostnader. Dei direkte kostnadene er kostnadene knytte direkte til innkjøp av produktet, som innkjøpspris, toll og frakt. Summen av desse kostnadene kallar vi inntakskosten av produktet.

Indirekte kostnader er kostnader til butikken som ikkje kan knytast direkte til eit bestemt produkt, som lønn, husleige, straum og marknadsføring. Ved bruk av sjølvkostkalkylen må vi setje opp kor mykje av dei indirekte kostnadene det aktuelle produktet skal dekke. Som oftast blir dei indirekte kostnadene berekna som ein prosentsats av inntakskost ut frå produktet sin del av omsetninga i butikken.

Døme: Kalkulering av salspris på eit kamera

Tenk deg at du er tilsett som butikksjef i ei større elektronikkjede, og at du akkurat har fått eit parti med kamera inn i butikken som du vil rekne ut salsprisen på. Ta utgangspunkt i følgande opplysningar:

  • Varepartiet består av 12 kamera. Pakksetelen viser at kvart kamera har ein innkjøpspris på 960 kroner.
  • Det kosta 600 kroner i frakt for kameraa.
  • Elektronikkjeda set dei indirekte kostnadene for produktet til 60 prosent av inntakskost.
  • Elektronikkjeda tek ei forteneste på 30 prosent, som blir rekna av sjølvkost.
  • Meirverdiavgifta på kamera er på 25 prosent.

Sjølvkostkalkyle i ei produksjonsbedrift

I videoen om familiebedrifta Den blinde ku, som produserer og sel ostar, ser vi korleis dei set opp sjølvkostkalkylen sin. I kalkylen tek dei utgangspunkt i alle kostnadene ved produktet. Både direkte og indirekte kostnader må dekkast. I tillegg legg dei til ei forteneste når dei skal finne utsalsprisen.

Den blinde ku har direkte kostnader, som mjølk og andre innsatsfaktorar, voks og innpakkingspapir. Straum, husleige og lønn til dei tilsette er nokre av dei indirekte kostnadene. Dette er kostnader som ikkje kan knytast direkte til produksjonen av ein bestemd ost.

Video: Terranova Media / CC BY-SA 4.0
SJØLVKOSTKALKYLE FOR DEN BLINDE KU

Kalkulasjon

Kostnader

Direkte kostnadermjølk
andre innsatsvarer
voks
innpakkingspapir
bereposar
utstyr og maskiner til å produsere ostane
frakt av varer til butikkane
+ indirekte kostnaderstraum
husleige
lønn til tilsette
= sjølvkost
+ forteneste
= salspris utan meirverdiavgift
+ meirverdiavgift
= salspris med meirverdiavgift

Fagomgrep

Direkte kostnader
er kostnader som er direkte knytte til produksjonen eller salet av eit bestemt produkt.
Handelsbedrift
er ei bedrift som kjøper inn varer for så å selje dei vidare.
Indirekte kostnader
er generelle kostnader hos bedrifta som ikkje kan knytast direkte til produksjonen eller salet av eit bestemt produkt.
Inntakskost
er det det kostar å ta inn eit produkt til butikken.
Meirverdiavgift
er ei avgift til staten på sal av produkt.
Produksjonsbedrift
er ei bedrift som produserer og sel varer.
Produktkalkyle
er eit oppsett av ulike kostnader og forteneste som har til formål å berekne salsprisen for eit produkt.
Sjølvkostkalkyle
er ein produktkalkyle som tek med alle kostnadene, både direkte og indirekte, forteneste og meirverdiavgift. Han bereknar òg sjølvkost, som er den prisen som akkurat dekker kostnadene ved produktet.