Hopp til innhald

Fagstoff

Omsetning av mobiltelefonar

I 2007 lanserte Apple sin første iPhone, som var ein av dei første mobiltelefonane med berøringsskjerm. Sidan den gongen har salet av mobiltelefonar eksplodert. Kor mange telefonar trur du blir selde per år?
Fem mobiltelefonar utstilte ved sida av kvarandre – ein grå, ein blå, ein grøn, ein gul og ein raud. Foto.

Sal av mobiltelefonar i Noreg

Prøv å svare på spørsmåla her før du går vidare:

Kva trur du?

  • Kor mange mobiltelefonar blir selde kvart år i Noreg?

  • Blir det selt fleire eller færre mobiltelefonar enn tidlegare?
  • Kor store er dei årlege salsinntektene (omsetninga) av mobiltelefonar i Noreg?
Tal for 2017 t.o.m. 2022
Mobiltelefonar

mengd selde

omsetning

gj. pris

2017

1,9 mill.9,8 mrd.5158 kr

2018

1,8 mill.10,3 mrd.5722 kr

2019

1,7 mill.9,86 mrd.5800 kr

2020

1,6 mill.9,6 mrd.6000 kr

2021

1,52 mill.9,9 mrd.6513 kr

2022

1,356 mill.8,8 mrd.6471 kr

På fem år, frå 2017 til 2022, har talet på selde mobiltelefonar sokke med 29 % – sjølv om det er fleire enn nokon gong som eig ein mobiltelefon. Nedgangen er kommen av at vi skiftar ut telefonen sjeldnare enn tidlegare. Dette har skjedd trass i abonnement som Svitsj eller Swap, der du kan byte til ny mobil kvart år. I snitt bruker vi no telefonen i over tre år før vi skiftar han ut. I tillegg har det blitt meir vanleg å kjøpe mobiltelefon brukt.

Omsetning av mobiltelefonar har berre sokke med 10 % i same periode. Dette er fordi telefonane i same tidsrommet har auka i pris, med unntak av siste året der vi ser ein liten nedgang.

Internasjonalt sal

Også internasjonalt går salet av mobiltelefonar ned. Det er berre i land som har hatt ei lågare mobildekning, som India, Indonesia, Sør-Korea og Vietnam, at det framleis er ein vekst i talet på selde mobiltelefonar.

Sidan delen i befolkninga i verda med eigen mobiltelefon går opp, samtidig som talet på selde telefonar går ned, ser vi at trenden med å skifte ut mobiltelefonen sjeldnare enn før også gjeld på verdsbasis.

Tenk over

Kvifor trur du vi beheld telefonane lengre enn før?

Kjelder

Elektronikkbransjen. (2023, 16. februar), Bransjetall 2022, Henta frå https://www.elektronikkbransjen.no/bransjen-bransjetall-bransjetall-2022/mobil-faller-i-antall/232113

Holst, A. (2019, 30. august). Number of smartphones sold to end users worldwide from 2007 to 2020. Henta frå https://www.statista.com/statistics/263437/global-smartphone-sales-to-end-users-since-2007/

medienorge. (2019). Antall solgte mobiltelefoner og nettbrett. Henta frå http://www.medienorge.uib.no/statistikk/medium/ikt/405

Moe, S. (2019, 13. februar). Nye tall fra elektronikkbransjen: Salget av mobiltelefoner falt 5 prosent i 2018. E24. Henta frå https://e24.no/teknologi/i/a2znmA/nye-tall-fra-elektronikkbransjensalget-av-mobiltelefoner-falt-5-prosent-i-2018

Turner, A. (2019, desember). How many phones are in the world? Henta frå https://www.bankmycell.com/blog/how-many-phones-are-in-the-world (Lasta ned 03.01.20)

CC BY-SASkrive av Tone Hadler-Olsen og Ida Marie Ellefsen.
Sist fagleg oppdatert 25.08.2023

Læringsressursar

Prissetjing