Oppgåve
Den lågaste prisen på kort sikt
Med bidragsmetoden kan vi berekne den lågaste prisen som er forsvarleg å bruke. Her kjem eit eksempel der du skal gjere denne vurderinga.
Ei bedrift sel 9 000 einingar av eit produkt per år. Prisen med meirverdiavgift er 20 kroner. Meirverdiavgifta på produktet er 25 prosent. Variable einingskostnader er 12 kroner, og dei årlege faste kostnadene er 60 000 kroner.
- Berekn dekningsbidraget per eining.
- Berekn det totale dekningsbidraget.
- Kva blir det årlege overskotet?
- Kva blir den lågaste prisen bedrifta kan ta på kort sikt? Grunngi svaret.
Filer
Relatert innhald
Fagstoff
Bidragskalkyle – dekningsbidragBidragsmetoden er vanleg å bruke for å berekne dekningsbidrag ved konkurransebasert og marknadsbasert prissetjing.