Oppgåve
Bruk avansekalkyle
Her skal du jobbe med kalkyleutrekning i handelsbedrifter og bruk av avansekalkyle.
Set opp eit rekneark som du kan bruke for å finne
- avansen i kroner
- salsprisen utan meirverdiavgift
- meirverdiavgift i kroner
- salsprisen med meirverdiavgift
Bruk reknearket lengst nede på denne sida til å løyse oppgåvene:
- Finn salsprisen med meirverdiavgift på ein moped som har 12 500 kroner i inntakskost. Rekn med 40 prosent avanse.
- Finn salsprisen med meirverdiavgift på ein ost som har 4,80 kroner i inntakskost. Rekn med 80 prosent avanse.
Finn salsprisen med meirverdiavgift på ei togreise som kostar VY 80 kroner å produsere. Rekn med 30 prosent avanse.
- Rekn ut inntakskost på ein sofa som har ein salspris på 21 875 kroner når avansen er på 40 prosent.
Tips: Sjekk at du bruker riktig sats for meirverdiavgift. Sjå satsar for meirverdiavgift på Skatteetaten.no.
Filer
- Avansekalkyle(XLSX)