Avanse
Det er vanskeleg å finne gode prosentsatsar for indirekte kostnader og forteneste når vi bruker sjølvkostkalkyle. Derfor slår vi desse postane i sjølvkostkalkylen ofte saman til det vi kallar avanse:
Indirekte kostnader + Forteneste = Avanse
Oppgåve 1
Skriv opp det vanlege oppsettet for sjølvkostkalkyle (med sjølvkost og forteneste).
Løysingsforslag
Sjølvkostkalkyle:
Innkjøpspris
+ andre direkte kostnader
= inntakskost
+ indirekte kostnader
= sjølvkost
+ forteneste
= salspris utan meirverdiavgift
+ meirverdiavgift
= salspris med meirverdiavgift
Oppgåve 2
Bruk definisjonen på avanse ovanfor til å forenkle sjølvkostkalkylen.
Løysingsforslag
Avansekalkyle:
Innkjøpspris
+ andre direkte kostnader
= inntakskost
+ avanse
= salspris utan meirverdiavgift
+ meirverdiavgift
= salspris med meirverdiavgift
Oppgåve 3
På sida Sjølvkostkalkyle – eit eksempel med rekneark bruker butikksjef Anne sjølvkostkalkyle for å finne salsprisen på eit kamera.
- Lag eit rekneark der du erstattar indirekte kostnader og forteneste i inndataområdet med avanse.
- Bruk avansekalkyle til å rekne ut salsprisen på kameraet. Bruk tala i eksempelet, og prøv med å la avansen vere lik 100 prosent.
Løysingsforslag
Oppgåve 4
Butikksjef Anne la inn indirekte kostnader på 60 prosent og ei forteneste på 30 prosent då ho rekna ut salsprisen på kameranene med sjølvkostkalkyle, og ho kom fram til ein salspris på 2 626 kroner.
Reknearket i oppgåve 3 viser at salsprisen på kameraet blir lågare med ein avanse på 100 prosent enn med utrekningskalkylen Anne valde. Kva må avansen vere for at prisen skal bli den same som før, altså 2 626 kroner?
Tips
Prøv deg fram med ulike tal for avansen i reknearket, til du får rett pris.
Fasit
Dersom avansen er 108 prosent, blir prisen den same som ved bruk av sjølvkostkalkylen.
Ein avanse på 108 prosent gir altså same salspris som når dei indirekte kostnadene er 60 prosent og fortenesta er 30 prosent.
Legg merke til at når noko først aukar med 60 prosent, og deretter med 30 prosent, er den totale auken på 108 prosent, og ikkje på 90 prosent!
Oppgåve 5
Forklar kvifor den totale auken ikkje er på 90 prosent når noko først aukar med 60 prosent, og deretter igjen med 30 prosent.
Forklaring
Dei to prosentane blir ikkje rekna av same tal. I oppgåva her blir 60 prosent indirekte kostnader rekna av inntakskost, medan 30 prosent forteneste blir rekna av sjølvkost (som er inntakskost pluss 60 prosent).
Oppgåve 6
Bruk vekstfaktor for å vise at indirekte kostnader på 60 prosent og forteneste på 90 prosent er det same som at avansen er om lag 108 prosent.
Tips
Dei indirekte kostnadene er 60 prosent. Det tyder det er ein auke på 60 prosent frå inntakskost til sjølvkost. Dette svarar til ein vekstfaktor på
Hugs: Vekstfaktoren er det talet vi multipliserer med for å finne den nye verdien på noko som aukar (eller minkar) med ein viss prosent.
Etterpå må vi gjere tilsvarande med fortenesta.
Løysingsforslag
Vekstfaktoren for dei indirekte kostnadene er 1,6. Du finn utrekninga under "Tips" ovanfor.
Tilsvarande blir vekstfaktoren for ei forteneste på 30 prosent:
Når eit tal aukar først med 60 prosent og deretter med 30 prosent, kan vi multiplisere saman dei to vekstfaktorane. Då får vi ein vekstfaktor for den totale auken:
Kor mange prosent auke har vi når vekstfaktoren er 2,08? Vi greier kanskje å sjå dette direkte, men vi kan også bruke utrekningsmetoden for vekstfaktor og prøve å rekne baklengs:
I utrekninga av ein vekstfaktor tek vi prosenten, deler på 100 og legg 1 til svaret. No gjer vi det motsette: Dersom vi tek vekstfaktoren og trekkjer frå 1, får vi sjølve prosenten delt på 100. Deretter kan vi multiplisere dette svaret med 100 for å få sjølve prosenten. Vi får:
Vi fekk same prosenten som i reknearket.
Alternativt kan vi finne svaret ved å løyse ei likning. Vi set opp reknestykket for vekstfaktor, der vi set
Påslagskalkyle
I staden for å bruke ein avanse i prosent og deretter leggje på meirverdiavgifta, kan vi bruke det vi kallar ein påslagsfaktor. Påslagsfaktoren er eit tal vi multipliserer med inntakskost for å rekne ut salspris med meirverdiavgift direkte.
Inntakskost · Påslagsfaktor = Salspris med meirverdiavgift
Vi kan rekne ut kva slags påslagsfaktor butikksjef Anne eigentleg har brukt i dette eksempelet. Då ser vi på forholdet mellom salspris med meirverdiavgift og inntakskost.
Oppgåve 7
Kva er påslagsfaktoren i eksempelet med kameraa?
Løysingsforslag
Vi reknar ut salspris med meirverdiavgift delt på inntakskost.
Oppgåve 8
Gjer om på reknearket med avanse slik at vi kan bruke påslagskalkyle. Du må erstatte avanse og meirverdiavgift i prosent i inndataområdet med påslagsfaktor. Påslagsfaktoren har vi rekna ut i den førre oppgåva, han er på 2,6.
Løysingsforslag
Vi ser at vi får den same salsprisen som før.
Filer
Det er mykje enklare å rekne ut salspris med meirverdiavgift med påslagskalkyle enn ved å operere med indirekte kostnader og forteneste, eller med avanse. Men korleis kjem ein fram til kva slags påslagsfaktor ein skal bruke?
Dessverre – eit godt tal for påslagsfaktoren finn ein først å ha brukt sjølvkostkalkyle med indirekte kostnader og forteneste mange gonger. Berre slik kan ein sjå kva påslagsfaktor som vil dekkje alle kostnadene pluss tilstrekkeleg forteneste.
Det same gjeld forresten for avanseprosenten: Også her treng ein røynsletal for å komme fram til rett avanseprosent.
Du kan lese meir om avanse- og påslagskalkyle nedanfor.