Digitale og sosiale medium i offentlegheita
Eigenskapar ved digitale medium legg premissar for korleis vi ytrar oss i offentlegheita, og dermed også korleis den offentlege debatten går føre seg.
Forskaren Jan van Dijk har kome fram til fire kjenneteikn som er typiske for digital informasjon:
Varigheit: Digital informasjon lèt seg lagre og arkivere. Informasjonen er tilgjengeleg utover kommunikasjonsaugneblinken.
Kopiering: Digitale kodar kan kopierast på ein billeg og lettvint måte. Ytringar kan bli tekne ut av samanhengen og delte vidare i nye samanhengar.
Skalerbarheit: Informasjonen kan utvidast frå å skje mellom to personar til å bli massekommunikasjon i offentlegheita. Ei ytring som opphavleg var tiltenkt få, nære vener, kan raskt bli delt vidare i sosiale medium og få eit mykje større publikum.
Søkbarheit: Du kan raskt finne att digital informasjon via søkjemotorar.
Sosiale medium har dessutan to særtrekk som også har stor betydning for framdrifta i offentlege samtalar:
Sosiale nettverk: Personar er sette i samanheng med kvarandre i eit digitalt nettverk.
Algoritmar og informasjonsstraumar: Store mengder personopplysingar blir analyserte og sette i system av algoritmar, og dette styrer informasjonsstraumen til den enkelte personen i eit digitalt nettverk.
Å sikre ein felles og opplyst offentleg debatt er viktig for demokratiet vårt. Meiningsutvekslinga i sosiale medium har gjort den offentlege debatten levande og lett tilgjengeleg.
Terskelen er lågare for å delta, og debatten går føre seg på fleire flater. Nye digitale medium har gitt oss fleire arenaer til å diskutere viktige samfunnsspørsmål.
No kan kven som helst ytre seg og delta i den offentlege debatten. Det er ikkje berre eliten og ekspertar som deltek – langt fleire menneske bidreg i meiningsutvekslinga i det offentlege rommet enn før.
På grunn av eigenskapane sine har digitale og sosiale medium også ein avgrensande effekt på offentlegheita.
Ekkokammer
Ekkokammer er eit omgrep som beskriv ein situasjon der informasjon, idéar eller oppfatningar blir forsterka gjennom gjenteken kommunikasjon innanfor ei avgrensa gruppe.
Ekkokammer er gjerne eit resultat av algoritme-driven distribusjon av informasjon. Når det prioriterte utvalet i den personlege straumen din kjem frå brukarar som blir definerte som like deg, får du ikkje nødvendigvis utfordra meiningane og haldningane dine.
Når kommunikasjonen går føre seg i avgrensa grupper i sosiale medium, kan vi gå glipp av kritiske stemmer. Haldningar og meiningar blir stadfesta og forsterka i staden for å bli utfordra.
Polarisering av meiningsbryting
Polarisering handlar om ei skjerping av synspunkt. I sosiale medium kan informasjonsstraumar bidra til at personar blir trekte mot ytterpunkt, og at ekstreme meiningar får større plass. Vi seier at meiningsbrytinga i den offentlege debatten blir polarisert. Motstridande og ekstreme oppfatningar får dermed auka tyngd i offentlegheita.
Dersom vi er kjeldekritiske og hentar informasjon og nyheiter frå mange ulike medium og kjelder, motverkar det polarisering.
Fragmentert offentlegheit
Medietilbodet og mediebruken verkar å vere meir fragmentert enn før. I staden for at vi samlar oss om få og store medieaktørar, fordeler vi mediebruken vår på mange medium og kanalar. Det fører til ei meir fragmentert offentlegheit.
Ei fragmentert offentlegheit kan vere utfordrande for eit demokrati. Ulike grupper har ulike verdsbilete, meiningar og diskusjonar som går føre seg i delar av offentlegheita. Slike deloffentlegheiter blir mindre synlege og tilgjengelege, og vi kan få ein mindre samla offentleg debatt om viktige samfunnsspørsmål.
Samfunnsdebatten bevegar seg i stadig nye retningar, og digital endring og utvikling skjer raskt. Digitale og sosiale medium verkar inn på korleis vi kommuniserer i offentlegheita.
I ei velfungerande offentlegheit skal ulike meiningar kome til uttrykk: Alle skal ha moglegheit til å diskutere seg fram til gode løysingar for fellesskapet. Faktorar som kan føre til uro, fragmentering og polarisering i samfunnet, verkar avgrensande på offentlegheita og kan over tid redusere tilliten til det demokratiske styresettet vårt. Når falske nyheiter, desinformasjon og konspirasjonsteoriar florerer på nettet, er det viktig å vere medviten og kjeldekritisk.
Demokratiet vårt er avhengig av ei velfungerande offentlegheit, også i framtida. Det er stor politisk merksemd rundt det å sikre ei velfungerande offentlegheit, og Kulturdepartementet jobbar mellom anna med strategiar for å sikre mediemangfald og kritisk mediekompetanse i befolkninga.
den offentlege samtalen
ekkokammer
fragmentering
kritisk mediekompetanse
mediemangfald
offentligheita
polarisering
sosiale medium
Asbjørnsen, D., Beyer, A., Kjelling, K., Larsen, E. S. & Totland, G. (2018). Hallo. Medier og kommunikasjon 2. Aschehoug.
Schwebs, T., Ytre-Arne, B. & Østbye, H. (2020). Media i samfunnet. Det Norske Samlaget.
van Dijk, J. A. G. M. (2006). The Network Society: Social Aspects of New Media. Sage.