Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Marknadsfør smoothie til ulike målgrupper

Du har fått i oppdrag å lage lyd-reklame for ein ny frukt-smoothie. Marknadsføringa skal rettast mot to ulike målgrupper.
To høge glas fylte med jordbær-smoothie. Pynta med urter og med oppkutta jordbær rundt. Foto.

Oppdrag: Lag eit reklameprodukt

Ein aktør innanfor smoothie-marknaden skal lansere eit nytt produkt: ein sunn frukt-smoothie med innslag av jordbær og kokosmjølk. Du har fått i oppdrag å lage to ulike lydreklamar for produktet.

  1. Den eine lydreklamen skal vere retta mot elevar på vidaregåande skule.

  2. Den andre lydreklamen skal vere retta mot pensjonistar.

1. Beskriv målgruppene

Skriv ei kort skildring av dei to målgruppene.

  • Kva assosierer du med målgruppene?
  • Kva er målgruppene opptekne av?
  • Korleis er økonomien til desse målgruppene?
  • Gjennom kva kanalar kan du nå målgruppene med reklamen?

  • Kva verkemiddel passar til dei ulike målgruppene?

2. Planlegg produksjonen

  1. Finn eit passande namn til smoothien. Namnet skal treffe både yngre og eldre målgrupper.

  2. Formuler bodskapen. Bestem kva du skal fokusere på, og kva du ønsker å formidle gjennom reklamane.

  3. Planlegg oppbygging og bruk av verkemiddel.

  4. Tenk nøye gjennom korleis du skal vende deg til dei ulike målgruppene. Kva effekt får val av verkemiddel på sluttprodukta?

  5. Vel publiseringskanal til reklamane (du kan velje ulike kanalar til dei to lydreklamane).

  6. Sjekk om planen for reklamane passar til den skriftlege skildringa av målgruppene, gjer eventuelle justeringar der det trengst.

3. Gjennomfør produksjonen

  • Lydreklamane skal strekke seg over 15 til 20 sekund.

  • Du kan bruke mobiltelefon til lydproduksjonen.

  • Ta omsyn til medieetikk og gjeldande lovverk i mediebransjen.

  • Rediger reklamane i eit eigna redigeringsprogram.

  • Gå gjennom denne sjekklista for lydarbeid.

  • Lever i eit filformat som er klart til publisering.

4. Presentasjon for medelev

  • Spel av lydreklamane.

  • Beskriv kva grep og verkemiddel du har brukt for å treffe dei ulike målgruppene. Pek på likskapar og forskjellar i lydreklamane dine.

  • Beskriv korleis du har teke omsyn til medieetikk og gjeldande lovverk i samband med produksjonane.

  • Gå inn på typiske sjangertrekk i lydreklamane, og diskuter kva funksjon desse medieprodukta har i samfunnet.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen og Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 09.11.2021

Læringsressursar

Målgrupperetting