Identifisering og definisjon av målgrupper - Medieuttrykk 2 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Identifisering og definisjon av målgrupper

Korleis jobbar du med målgrupper? I planlegging av profesjonell medieproduksjon er det vanleg å ha målgruppa klart for seg. Då er det så mykje enklare å treffe publikum, både i riktig kanal og med bodskapen du vil formidle.

Målgruppetenking handlar om å identifisere og definere særtrekk ved målgrupper og dei medievanane dei har, og om å bruke informasjon om målgrupper i utvikling og marknadsføring av medieprodukt.

Ei målgruppe har personar med felles kjenneteikn som alder, kjønn, interesser, inntekter og geografisk eller kulturell tilhøyrsel.

Døme

NRK har Noregs befolkning som målgruppe, men kanalar og programma som blir utvikla, er retta mot meir spesifikke målgrupper. Underhaldningsprogram som blir sende fredag og laurdag kveld, har "familien" som målgruppe. NRK Super er for barn mellom 2 og 12 år.

Kan du finne andre døme, kanskje med andre TV-kanalar som utgangspunkt?

Slik definerer du ei målgruppe

Når du skal definere ei målgruppe, sorterer du dei du vil vende deg til, med variablar frå ulike kategoriar.

Det er vanleg at vi hentar variablar frå fire ulike kategoriar når vi definerer ei målgruppe:

1. Geografiske variablar – forskjellar i bustad og kjenneteikn ved bustad

  • land, region, fylke, kommune, by
  • klima, natur, befolkningstettleik

2. Demografiske variablar – forskjellar i befolkninga

  • alder, kjønn, nasjonalitet, religion
  • livsfase, utdanning, inntekt

3. Psykografiske variablar – forskjellar i personlegdom

  • utettervend, innettervend
  • feminin, maskulin
  • initiativrik, passiv
  • impulsiv, planleggjande
  • optimistisk, pessimistisk

4. Variablar for livsstil

  • aktiv i idrett
  • politisk engasjert, engasjert i foreiningsliv
  • samfunnsorientert gjennom TV, aviser og/eller radio
  • kulturinteressert (interessert i kino, musikk, teater, litteratur og/eller festivalar og liknande)
  • sofasitjar eller stadig ute på byen
  • friluftsinteressert
  • haldningar til dugnad, naturvern, kultur, religion/moral, økonomi, innvandring og så vidare

Refleksjon og omgrepsforståing

Samarbeid med ein medelev, og finn fram til moglege målgrupper for nyheiter på norsk.

Vel og prioriter målgrupper

Når vi har identifisert og skildra ulike målgrupper, er neste trinn å prioritere målgrupper med omsyn til bodskapen vi skal formidle, og kanalane vi skal bruke.

Primærmålgruppe og sekundærmålgruppe

Primærmålgruppa er hovudmålgruppa. Ein romantisk TV-serie som er lagt til ein vidergående skule, vil til dømes ha unge kvinner som primærmålgruppe. Sekundærgruppa kan vere unge menn, yngre ungdom og foreldre.

Vi kan dermed skreddersy medieproduktet til målgruppene sine behov, vanar og preferansar.

Målgruppetenking og marknadssegmentering

Målgruppetenking er knytt til marknadskommunikasjon. I marknadskommunikasjon blir ein marknad definert, og vidare blir marknaden segmentert, det vil seie delt opp. Ordet segment betyr "del av eit heile".

I ein marknad for TV-seriar, til dømes, blir relevante målgrupper identifiserte slik at ein serie kan utviklast og marknadsførast mot riktige målgrupper. Småbarnsforeldre, russ og hundeeigarar er døme på segment eller målgrupper i ein marknad.

Marknaden for TV-seriar kan delast inn i segmenta 16- til 20-årige kulturinteresserte menn eller 40 år gamle kvinner som jobbar i helse- og omsorgssektoren. Når eit segment er definert, er det lettare å kryssjekke om ein idé eller eit konsept kan finne gjenklang i ei målgruppe.

Skrive av Albertine Aaberge og Ragnhild Rishold Kleppe.
Sist fagleg oppdatert 05.04.2017