Podkast om målgrupper og digital dataanalyse - Mediesamfunnet 3 - NDLA

Hopp til innhald
Lydopptak

Podkast om målgrupper og digital dataanalyse

Lytt til podkasten med programleiar Berit Boman i samtale med leiaren i Try Råd, Sindre Beyer. I samtalen snakkar dei mellom anna om målgrupper og digital dataanalyse. Ta notat undervegs når du lyttar.

TRY råd

I podkasten nedanfor høyrer vi programleiar Berit Boman i samtale med leiaren i Try Råd, Sindre Beyer. Sindre driv eit selskap
som mellom anna jobbar med å hjelpe store og små verksemder med å velje målgruppe og nå ut til ho, og med korleis dei kan kommunisere med målgruppa. Sindre er i tett dialog med selskap som Google og Facebook i arbeidet sitt.

Sindre har uttalt følgjande:

Det er gøy å sjå ein YouTube-video, men du legg igjen digitale spor for kvart klikk du gjer, noko som igjen gjer deg til ein del av målgruppa for marknadsføring. Har du sett på eit slankeprodukt, set Google ein merkelapp på deg. Det sel dei igjen til andre annonsørar som tenkjer at du vil slanke deg og treng det dei kan tilby. Du får altså sjå ting gratis, men betaler med at dei får ting av deg.

Lytt til podkasten og ta notat

Ung kvinne smiler og ser opp på snakkeboble med teksten "Marknadsføring og leiing". Ved sida av ho er det seks ulike ikon: ropert, lyspære, tannhjul, stigande graf, globus og mobiltelefon. Illustrasjon.
Marknadsføring og leiing

Marknadsinformasjon, marknadsundersøkingar og digital dataanalyse

Ein podkast om korleis ny teknologi kan hjelpe deg med å finne fram til akkurat rett målgruppe for å selje meir. Vi snakkar med Sindre Beyer som jobbar i Try-huset, eit av Noregs største kommunikasjo...

0:00
-0:00
Podkast: Både Og / CC BY-SA 4.0

Relatert innhald

Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 21.01.2021