Hopp til innhald

Fagstoff

Klar, ferdig, kreativ

Skal du lage eit spennande produkt eller løysing, må du ha ein god idé. Men korleis klarer ein å stadig vere kreativ? Korleis kan vi skape og utvikle idéar på bestilling? Å arbeide fram ein god idé kan vere halve jobben.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Idéutvikling

Designprosessen består av ulike fasar kreativt arbeid. Grovt inndelt kan vi dele idéutviklingsprosessen i ein problemfase, ein idéfase og ein løysingsfase. Ein god prosess blir kjenneteikna ved at det blir jobba kontinuerleg med forbetringar av idéane. Vi blir sjeldan heilt ferdige med ein fase i prosessen. Vi vender stadig tilbake til eit tidlegare punkt og gjer forbetringar ut frå nye erfaringar og ny innsikt som vi har fått. Slik jobbar du fram og tilbake i dei ulike fasane heilt til du har komme fram til ein idé du ønsker å realisere.

Ingen liker å betale for eit nytt design som er keisamt eller ikkje er funksjonelt. Som designar må du ofte tenke nytt og innovativt. Kunden må vere så nøgd med produktet eller løysinga di at dei er villige til å betale for det. Alle som jobbar med design, må derfor kunne utvikle nye, kreative løysingar.

Men korleis klarer ein å stadig vere kreativ? Og korleis klarer ein å vere kreativ på bestilling? Å arbeide fram ein god idé kan vere halve jobben.

Klar, ferdig, kreativ

Modellen Klar, ferdig, kreativ (eller KFK-modellen), som er utvikla av Martin Walter og Daniel Almli, illustrerer korleis du kan jobbe med kreativitet. Modellen bryt idéfasen ned i fire delfasar.

delfasar i idéfasen

Delfase

Beskriving

Mål

Utforsk

Tenk nøye gjennom kva som er viktig for oppdragsgivaren. Research, altså utforsk, kva som er målet med produktet og temaet det tek for seg. I denne fasen er det viktig å sikre seg mest mogleg informasjon.

Ende opp med ei enkel problemstilling.

Idémyldring

No skal fantasien få fritt spelerom. I denne fasen er det lurt å samarbeide med andre og å bruke ulike idéskapingsverktøy. Denne fasen blir óg kalla JA-fasen. Her er ingen idéar dumme. Alt er lov!

Ende opp med så mange idéar som mogleg.

Kill your darlings

No er det tid for å vere kritisk og kaste det som ikkje skal brukast. Kill your darlings er eit omgrep i mediebransjen. Det betyr at du må gi slepp på noko du liker godt, for å kunne satse fullt på den idéen de trur vil fungere best for målgruppa.

Ende opp med éin konkret idé ein ønsker å satse på.

Set det saman

I denne fasen skal du utvikle idéen vidare og synleggjere han i form av skisser, manus, synopsis, storyboard e.l. som kan presenterast for ein mogleg oppdragsgivar.

Ende opp med ein pitch, eller ein presentasjon, som viser korleis medieproduktet skal bli eller vil fungere.

CC BY-SASkrive av Ragnhild Risholt Kleppe, Daniel Almli og Martin Aune Walther.
Sist fagleg oppdatert 12.02.2020

Læringsressursar

Drive ungdomsbedrift