Hopp til innhald

Fagstoff

Bruk stemma som verkemiddel

Kommunikasjon er mykje meir enn orda du seier. Måten noko blir sagt på, har minst like stor betydning. I ei framføring eller opplesing av tekst kan du bruke stemma til å påverke korleis mottakaren oppfattar innhaldet.
Jente held hendene opp til munnen og ropar. Foto.

Måten vi seier noko på, betyr noko

Måten du bruker stemma på, kan få fram nyansar i språket. Ved å variere tonehøgd, tonebevegelse, lydstyrke, lydlengde, rytme og bruk av pausar og trykk, kan du få fram ulike stemningar og framheve det du vil tilhøyraren skal leggje merke til.

Ytringa "Det skulle aldri ha skjedd" får to ulike betydningar om ho blir høvesvis sagd leande eller gråtande. Viss ho blir sagd leande, kan vi tenkje oss at det har skjedd noko som ikkje skulle ha skjedd, og at resultatet kanskje er noko humoristisk. Viss nokon seier "Det skulle aldri ha skjedd" gråtande, kan vi tolke det som om noko trist eller negativt har skjedd. Orda i ytringa er dei same, men verkemidla gjer at vi forstår kva ytringa betyr i den gitte situasjonen.

Liten gut græt og er lei seg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

For å få fram ulike stemningar må du variere styrken og toneleiet i stemma, til dømes ved å tale kviskrande, andpustent, slørete, med sprokken stemme, djup stemme og så vidare. Viss nokon ytrar noko med ei kviskrande stemme, kan vi rekne med at det som blir ytra, er noko som ingen andre bør høyre. Det kan òg vere at at vi ikkje ønskjer å forstyrre viss det er nokon andre som snakkar samtidig. Ei djup stemme vil kanskje gi meir inntrykk av truverd eller sjølvtryggleik, medan ei sprokken stemme kan oppfattast som om nokon er usikre, redde eller nervøse.

Opplesing som tolking

Når du les opp eller framfører ein tekst, er måten du gjer det på, ei tolking. Det er ikkje sikkert den som skreiv teksten (eller andre) ville ha lese han på same måten. Du må bestemme deg for kva oppfatning mottakaren skal ha av innhaldet. Er det trist, morosamt, alvorleg eller sint? Ved hjelp av stemma kan du òg styre kva mottakaren spesielt skal leggje merke til. Er det ord eller passasjar i teksten du meiner er spesielt viktige å framheve? Då bruker du stemma til å skilje det ut frå resten av teksten.

Nokre viktige verkemiddel i framføringar

Du bruker gjerne ein kombinasjon av fleire verkemiddel i daglegtalen, og kanskje er du ikkje heilt klar over at du gjer det. Når du skal framføre ein tekst, bør du ha eit meir bevisst forhold til korleis du bruker stemma til å formidle meining.

Miksepult. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Volum/styrke

Viss vi ser for oss ein volumskala frå 1–10, vil volumet på ein ordinær samtale liggje på omtrent 4. Viss du snakkar til ei forsamling, må du kanskje opp i 5 eller 6, litt avhengig av rommet, og om du har hjelp av mikrofon.

Alle brot på denne "norma" vil skape reaksjon hos den som lyttar, spesielt viss du varierer styrken på stemma. Både det å snakke lågare og det å snakke høgare kan få tilhøyrarane til å leggje spesielt merke til den delen der du endrar volum.

Kanskje tenkjer du at du må auke volum for å framheve noko viktig? Somme gonger kan faktisk det å kviskre vere like verknadsfullt. Publikum må lytte nøyare. Der eit høgt volum fort kan gi deg eit preg av å verke sinna, kan lågt volum får deg til å verke anten usikker eller hemmelegheitsfull. Det avheng litt av toneleiet og setningsmelodien du bruker.

Fargeprøvar i raud og lilla-tonar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Toneleie

I daglegtalen snakkar vi om at nokon har ei lys eller djup stemme. Om du legg stemma di i eit lågt toneleie, snakkar djupt, kan det du seier verke alvorlegare enn om du legg stemma i eit lyst toneleie. Ei lys stemme kan verke usikker, men også glad og lykkeleg.

Setningsmelodi/intonasjon

Du varierer melodien i ei setning når du skal stille eit spørsmål – setninga endar med at du går opp. Du kan seie akkurat den same setninga og endre meining ved å gå ned. Prøv sjølv med å seie "Ho gjekk", som er høvesvis ein påstand og eit spørsmål. Går du opp på slutten av ei setning, verkar du òg gladare enn om du lèt melodien gå ned. Prøv med setninga "Eg er glad". Kva skjer?

Trykk

Du kan leggje trykk på enkeltord eller setningar for å framheve dei. Kvar du legg trykket i ei setning, kan heilt endre meininga. Prøv sjølv med setninga "Eg liker sjokolade". Ved å leggje trykk på "eg" framhevar du at det er du som liker sjokolade (ikkje Per). Legg du trykk på "sjokolade", får du fram kva du liker. Kanskje har nokon tilbode deg noko anna godt.

Pausar

Speedometer viser hastigheit på snaut 50 km/t. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ved å ta ein kort pause framfor eller etter eit ord, skil du ut akkurat det ordet frå resten av teksten. Pausen etter gir lyttaren tid til å tenkje over det du nettopp har sagt. Du bruker òg pausar mellom passasjar i teksten, og då er det vanleg å bruke avsnittsinndelinga forfattaren har laga.

Tempo

Du har heilt sikkert opplevd å høyre på nokon du synest snakkar for fort eller for sakte. Snakkar nokon for fort, verkar det nervøst. Men hurtig tempo kan òg skape spenning og driv i ei forteljing.

Snakkar nokon sakte, skjer det motsette – då blir det dvelt ved det som blir sagt. Det kan tippe over til å bli kjedeleg, spesielt viss du ikkje varierer stemma elles.

Legg merke til stemmebruk

Lytt på ein samtale eller legg merke til korleis læraren snakkar til dykk. Kva verkemiddel klarer du å kjenne igjen?

Kjelder

Dahl, Ø. (2001). Møte mellom mennesker: interkulturell kommunikasjon. Gyldendal Akademisk.

CC BY-SASkrive av Ingeborg Hagen og Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 25.11.2021

Læringsressursar

Presentasjonar og foredrag