Presentasjoner og foredrag
Både foredraget og presentasjonen skal informere, men form og formål er noko ulike. Same om du skal ha eit foredrag eller presentere, må du forberede deg grundig. Å vite at du meistrar stoffet skaper tryggleik. Då kan du konsentrere deg om det viktigaste når du møter publikum, sjølve framføringa.