Bli god til å presentere
Ha klart for deg det du ønsker å formidle: bodskapen.
Presenter deg sjølv.
- Sjå folk i auga.
- Fortel kva presentasjonen skal dreie seg om.
Bruk kunnskapen du har om emnet og snakk fritt.
Unngå å bruke ord du ikkje sjølv forstår.
Bruk illustrasjonar og forteljingar for å gjere presentasjonen interessant.
- Bruk stor skriftstorleik, få ord og få lysbilete.
- Unngå å bruke for mange punkt og punktlister.
- Samanfatt og konkluder.
Lag ein kort presentasjon av deg sjølv på tre til fem lysbilete.
Bruk eit digitalt presentasjonsverktøy til å setje saman informasjonen.
Ta gjerne for deg interesser, favorittmat, filmopplevingar, aktivitetar og personlegdom.
Framfør presentasjonen framfor klassen/gruppa.
Gå saman i grupper på tre–fire personar. Finn ut korleis de i gruppa bruker sosiale medium.
Kva for sosiale medium er mest populære? Kva for eit er nyast? Kva for nokre kan de ikkje klare dykk utan? Korleis bør vi stille oss til sosiale medium i skulekvardagen?
Lag ein presentasjon på ti lysbilete som viser bruken og synspunkta i gruppa. Presenter for klassen.