Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kor mykje kostar det å ta ein dusj?

Det er godt å ta seg ein dusj, til dømes etter ei treningsøkt. Men kor mykje kostar det eigentleg å ta ein dusj?
Stort dusjhovud som det strøymer vatn ut av. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Førebuingar

I denne oppgåva skal du prøve å rekne ut kor mykje det kostar å ta seg ein dusj. Først må du finne ut kva det er som kostar i samband med dusjing. Skriv ned kva slags kostnader du trur du må ta med når du skal rekne ut prisen på ein runde i dusjen. Ting å tenkje over:

  • Det krevst energi til å varme opp vatnet til dusjen. Finn ut korleis oppvarming av vatn til vanleg skjer i ein privat bustad. Finst det fleire alternativ?
  • Dersom vatnet blir varma opp med elektrisk energi, må du finne ut kva denne kostar. Sjå sida Straumrekninga for å lese meir om dette. Finn oppdaterte prisar på elektrisk energi hos eit lokalt energiselskap.
  • Vatnet i dusjen kjem som oftast frå eit kommunalt eller privat vassverk. Dei fleste husstandane har ein vassmålar som måler kor mykje vatn husstanden bruker. Finn ut korleis kommunen eller det private vassverket på heimstaden din tek seg betalt for vatn.
  • Korleis kan du komme fram til eit realistisk gjennomsnittstal på kor mykje vatn som går med til ein dusj?
  • Kor mykje energi går med til å varme opp dusjvatnet? Sjå sida Varmetransport for å lese meir om dette.

Utfordring

  1. Lag ein formel for kostnaden K ved å ta seg ein dusj. Formelen skal mellom anna innehalde kor mykje vatn m som går med når du dusjar.
  2. Lag ei grafisk framstilling av formelen du har komme fram til.
  3. Endre på formelen i a) slik at han inneheld tida t som du bruker på å dusje, i staden for kor mykje vatn m som går med. Kva slags vilkår set du, og korleis ser den grafiske framstillinga i b) ut med denne endringa?
  4. Energiselskapet legg på energiprisen 10 %. Korleis påverkar dette formelen i a) og den grafiske framstillinga i b)?
  5. Kor mykje må du korte inn på tida du står og dusjar, for å kompensere for prisauken på straumen?

Etterarbeid

Funna dine kan du leggje fram munnleg, eller du kan lage ein skriftleg rapport. Hugs berre at du må få fram matematikken!

CC BY-SASkrive av Bjarne Skurdal.
Sist fagleg oppdatert 22.03.2020

Læringsressursar

Utforskande oppgåver knytte til samfunnsliv