Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Straumrekninga

Det er ikkje berre straumen du betaler for via straumrekninga. Finn ut kva postar ei straumrekning er sett saman av.

Tabellen viser ei spesifisert straumrekning frå Norgesenergi.

Tabell som viser ei spesifisert straumrekning. Rekninga er sett saman av ein straum-del og ein nettleige-del. Straum-delen inneheld tre postar: straum, påslag og fastbeløp.  Nettleige-delen inneheld fire postar: Enova-avgift, forbruksavgift, nettleige energiledd og nettleige fastledd. Totalbeløpet på 1834,22 kroner er summen av desse sju postane. Bilde.
Opne bilete i eit nytt vindauge

a) Finn ut kva som er meint med påslag på straumrekninga.

b) Finn ut kva enovaavgifta på straumrekninga er.

c) Finn ut kva forbruksavgifta på straumrekninga er.

d) Kvifor er straumrekninga delt opp i straum-del og ein nettleige-del?

e) Kor stor del av beløpet som må betalast, er statlege avgifter?

f) Gå inn på Forbrukarrådet si nettside Strøm og sjekk korleis du finn billegaste straumavtale.

CC BY-SASkrive av Olav Kristensen.
Sist fagleg oppdatert 24.04.2020

Læringsressursar

Utforskande oppgåver knytte til samfunnsliv