Konstruksjons- og styringsteknikk (TP-TIP vg1)
Felles programfag saman med:Produktivitet og kvalitetsstyring (TP-TIP vg1)ogProduksjon og tenester (TP-TIP vg1)
Forståing av teikning
Som regel visualiserer vi eit uferdig produkt ved hjelp av bilete, anten i form av ein fysisk modell, i form av foto eller video eller i form av teikningar.
Teikningar
Alt vi skal lage, bygge eller setje saman, består av idear, skisser og mange vurderingar undervegs. Ei konstruksjonsteikning er både dokumentasjon og sjølve arbeidsgrunnlaget for alt vidare samarbeid.