Idémyldring
CC BY-SA 4.0Sjå for dykk at de skal starte ei bedrift ut frå eit berekraftperspektiv. Gå saman i grupper og gjennomfør ei idémyldring. Nytt nokre av kreativitetsøvingane nedanfor som hjelp til å kome på så mange idéar som mogleg.
Du er no inne i ein læringssti:
Forretningsmodell og forretningsplan ut fra et bærekraftperspektiv
Sjå for dykk at de skal starte ei bedrift ut frå eit berekraftperspektiv. Gå saman i grupper og gjennomfør ei idémyldring. Nytt nokre av kreativitetsøvingane nedanfor som hjelp til å kome på så mange idéar som mogleg.
Verda treng ny kunnskap og nye måtar å løyse problem på, og det kjem stadig nye produkt på marknaden. Nokre er heilt nye, mens andre er ei forbetring av eksisterande produkt. Nedanfor finn du ressursar med tips og metodar for utvikling av nye idear og produktforslag.
Er somme meir kreative enn andre? Alle er kreative, og det at du sjølv trur på eiga meistring, er heilt avgjerande for kreativiteten din.
Skal du lage eit spennande produkt eller løysing, må du ha ein god idé. Men korleis klarer ein å stadig vere kreativ og utvikle idéar på bestilling?