Forretningsmodell og forretningsplan ut fra et bærekraftperspektiv - Forretningsplan - Forretningsdrift (SR-SRL vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Forretningsmodell og forretningsplan ut fra et bærekraftperspektiv

Forretningsplan

CC BY-SA 4.0

No som de har utarbeidd eit utkast til ein forretningsmodell, skal de utarbeide ei meir detaljert oversikt i form av ein forretningsplan. 

  • Lag eit utkast til forretningsplan.

Les artikkelen nedanfor før de jobbar vidare med utkastet til forretningsplan.

Skriv meir utfyllande i forretningsplanen, slik at han svarer godt på desse spørsmåla:

  • Kva er forretningsidéen?
  • Korleis skal bedrifta fokusere på berekraftig utvikling?
  • Kven er målgruppa?
  • Kva er målet til bedrifta?
  • Kva slags marknadskommunikasjon skal bedrifta ha?
  • Korleis skal bedrifta selje?
  • Korleis skal bedrifta ta betalt?
  • Korleis skal bedrifta levere?
  • Kva for kostnader vil bedrifta ha?
  • Kva for marknadsaktivitetar skal gjennomførast?
Fagartikkel

Forretningsmodell og forretningsplan

Når du vil starte ei bedrift, treng du ein plan. Forretningsideen seier kva du vil gjere, forretningsmodellen fortel korleis du skal gjere det, og kva pengane skal komme frå, og forretningsplanen viser detaljert korleis du skal gjennomføre etableringa.

Plan eller modell? Ja takk, begge delar!

Både ein forretningsmodell og ein forretningsplan er nyttige styringsverktøy og planleggingsdokument når du vil starte ei bedrift. Modellen er det overordna dokumentet, mens planen tek for seg detaljane.

Først forretningsmodellen

Du bør starte med forretningsmodellen. Den hjelper deg med å få overblikk over marknaden du skal operere i, og gjer det lettare å sjå heilskapen. Det treng du for å sikre ei berekraftig utvikling og verdiskaping i alle ledd i verdikjeda. Forretningsmodellen gir deg kort sagt ei oversikt over alle prosessar og ressursar selskapet ditt må handtere for å tene pengar.

Deretter forretningsplanen

Når du har forretningsmodellen på plass, kan du utarbeide ei meir detaljert oversikt i form av ein forretningsplan. Forretningsplanen skal innehalde informasjon om kva som er forretningsideen din, kva mål du har, kven som er målgruppa di, korleis bedrifta di skal marknadsførast, og kva aktivitetar som skal gjennomførast.

Kva gir dei to dokumenta svar på?

Forretningsmodellen og forretningsplanen svarer på mange av dei same spørsmåla. Hovudforskjellen er at forretningsplanen gir meir detaljerte svar. Begge bør svare på spørsmål som desse:

  • Kva skal du levere?
  • Kven er kundane dine?
  • Korleis skaper bedrifta verdi med dagens drift?
  • Kva problem løyser bedrifta?
  • Kva ressursar, aktivitetar og samarbeidspartnarar bruker du?
  • Korleis skal du selje?
  • Korleis skal du ta betalt?
  • Korleis skal du levere?
  • Kva er kjerneaktivitetane dine?
  • Kva kostnader vil du ha?

Når du skal kommunisere ideane dine

I ein tidleg fase vil dei aller fleste idear vere meir eller mindre usikre. Det vil seie at dei ikkje er testa, til dømes på betalande kundar. Dette er òg ein god grunn til å starte med å skissere ein forretningsmodell – gjerne fleire variantar. I starten er dette meir nyttig enn å bruke lang tid på å skrive ein detaljert forretningsplan. Ideane dine i forretningsmodellen kan du drøfte med partnarar, ein mentor eller til dømes Innovasjon Noreg der du bur.

Banken, potensielle investorar og offentlege støttespelarar vil ofte forlange at du har ein gjennomtenkt forretningsmodell før du kan få finansiering og anna støtte.

Skrive av Cathrine Meyer Johansen, Tone Hadler-Olsen og Innovasjon Norge.
Sist fagleg oppdatert 20.05.2020