Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis lage videoessay?

For å lykkast med videoessay må du ha ein god tekst i botnen. I tillegg må du tore å utforske og utnytte dei verkemidla som finst, og vere strukturert i alle fasar av prosessen.
To personar sit framfor ein mobiltelefon på eit stativ, den eine justerer mobilen for å gjere klart til opptak. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Videoessayet set spørsmålsteikn ved kjende førestillingar eller aktuelle saker. Det kan derfor vere spennande å utforske sjangeren viss du har noko på hjartet. I videoessayet kan du vere personleg. Du vekslar mellom forteljing, refleksjonar og kunnskapsformidling. Kunstnarisk har du ein stor grad av fridom. Du bør bruke tid på å forme ut "stilen", både i den skrivne teksten og i det visuelle språket. I videoessayet kan du leike med verkemiddel for tekst, lyd og bilete. Du kan også herje med oppbygninga og rekkjefølgja så lenge du har ein raud tråd.

For å lykkast med videoessay må du jobbe godt i idéfasen og med skrivinga. Deretter lagar du biletmanus, gjer opptak og finn lyd, bilete, grafikk og andre element som skal vere med i den ferdige videoen. Sjølv om du i videoessayet "vandrar hit og dit gjennom eit tema", hjelper det å ha struktur i arbeidet.

Fem fasar i videoessay-produksjon

  1. Idéarbeid

  2. Tekstskaping

  3. Biletmanus

  4. Opptak og innsamling

  5. Etterarbeid

1. Idéarbeid

Forstå sjangeren

Start med å forstå sjangeren. Kva kjenneteiknar eit videoessay? Les gjerne artikkelen "Kva er eit videoessay?". Ikkje gå i fella og tenk at du skal lage den engelske varianten av essay.

Utforsk tema

Finn temaet du skal jobbe med. Kanskje har du allereie fått ei bestilling frå lærar? Byrj å utvikle idéar og samle stoff. Du kan teste ulike idéutviklingsteknikkar, leite etter stoff på biblioteket og søkje på internett. Her er nokre ressursar frå NDLA som du kan sjå på:

Bruk idémyldringsskjema

Viss du gjer grundig forarbeid før du byrjar å skrive, blir det lettare for deg å bestemme deg for kva vinkling du vil ha på teksten din. For å få hjelp til idémyldring kan du jobbe deg gjennom skjemaet i ressursen "Idéutvikling videoessay".

Teikning av to personar som sit og diskuterer. Ein av dei har papir og blyant. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
2. Tekstskaping

Jobb med språklege verkemiddel

Språket i eit videoessay kan gjerne vere leikent og poengtert. Fyll derfor teksten med språklege bilete, ironi og/eller overdrivingar. Pass på at du vekslar mellom å fortelje, reflektere og informere. For å "fylle ut" teksten din med variert innhald og få tips til språklege verkemiddel kan du bruke verktøyet i ressursen "Arbeid med språklege verkemiddel".

Skap struktur

Etter å ha jobba med språket kan du prøve å utvikle teksten vidare slik at det blir endå betre å lese. Sjå artikkelen "Skap eit manus med flyt".

Still spørsmål til teksten

Når du har skrive ein god del, kan du stille spørsmål til teksten:

- Har eg ein raud tråd?
- Trekkjer eg inn personlege erfaringar?
- Har eg faktaopplysningar?
- Viser eg refleksjon?
- Set teksten i gang tankeprosessar?
- Korleis er språket og bruken av verkemiddel?

Les høgt og juster

Det er lurt å lese teksten høgt fleire gonger. Då merkar du fort om setningane fungerer eller ikkje. Det blir også lettare å anslå lengda på videoessayet. Ein tommelfingerregel er at to hundre ord tek cirka eitt minutt å lese høgt. Tusen ord svarer til cirka fem minutt høgtlesing.

Hugs at du kan forandre på teksten gjennom heile prosessen. Spelar du inn ein voiceover, merkar du kanskje at du treng å gjere justeringar med det same? I redigeringa kan du også flytte på eller fjerne enkeltord, setningar og avsnitt.

To hender skriv på eit PC-tastatur. Foto.
3. Biletmanus

Visualiser teksten

Bruk tid på å visualisere manuset ditt. Det er no du startar forvandlinga frå skrift til video.

Du kan lage eit eller biletmanus i tabellform (sjå forslag under). På denne måten får du ei betre forståing av kva bilete, videoklipp, lydar og grafiske element du treng. Kor mykje kan du hente frå internett, og kor mykje må du produsere sjølv?

Biletmanus – døme

Tekstutdraga i biletmanuset er henta frå eit essay om russetid og kjærleik skrive av vg3-eleven Mathias Dahlsveen.

Biletmanus – døme

Tekst

Bilete/klipp

Lyd / grafiske element

"Jeg pulte russepresidenten på LS», sier hun og fniser med forsamlingen rundt pulten ..."

Filme klasserom, elevar og reaksjonar. Nærbilete i froskeperspektiv av jenta. Bilete/klipp frå russetreff.

Voiceover

Latter, russemusikk

"Tar vi et dykk ned i fordums tider hvor samlivsmoralen var mer «høvelig» og fri for de forfalne tendenser vi er vitne til i dag, var det vanlig at ungjenter ble giftet bort til en eldre etablert herre ..."

Finne bryllaupsscene frå film eller bilete av ung jente med gammal mann. Obs: Sjekk lisens.

Ev. filme sjølv: Gammal mann i froskeperspektiv og ung jente i fugleperspektiv som smiler mot kvarandre.

Voiceover

Svart-kvitt-bilete, ev. lydeffekt med stemma til ein eldre herre i gamle dagar

4. Opptak og innsamling

Lag ein plan

I denne fasen må du skaffe deg oversikt over kva opptak du treng, kva du har frå før, og kva du må samle inn av eksisterande materiale.

Opprett eit dokument og legg inn planar og gjeremål slik at du beheld oversikta og veit kva du skal gjere.

Finn lovleg materiale

For å lage videoessay treng du mange bilete, klipp, lydar og grafiske element. Skaff deg oversikt over nettstader som tilbyr bilete, video, lyd og grafisk innhald som kan delast. Sjå mellom anna artikkelen "Finn innhald du kan bruke og dele".

Sitatretten gjer det mogleg å bruke eksisterande filmklipp for å eksemplifisere og illustrere poeng. Finn ut korleis du kan laste ned filmklipp til datamaskina di. Det finst mange nedlastingsverktøy på internett. Sjekk at du held deg innanfor regelverket og krediterer opphavspersonar på rett måte. Du kan lese meir i artikkelen "Om sitatretten".

Legg gjerne inn lenkjer og kjelder til alt du bruker, i det same dokumentet som du oppretta i stad. Det er viktig å dokumentere kvar du har henta materiale, i tilfelle det oppstår tvil om du har rett til å bruke det.

Planlegg opptak

Førebu alle opptaka du treng. Jo betre førebuingar, jo lettare går filminga. Skisser gjerne eit enkelt storyboard, eller lag skotliste. Du kan finne malar i ressursen "Malar til planlegging av film".

Viss du filmar med mobiltelefonen, kan du få tips til kva du bør tenkje på i ressursen "Slik gjer du opptak med mobilen".

Skap den visuelle stilen

I eit videoessay bør du leike med og utnytte filmspråket, så ikkje gløym å eksperimentere med forteljargrep og verkemiddel! Ha alltid dette spørsmålet i bakhovudet: Korleis kan eg best støtte det eg vil seie, med bilete, klipp, lydar eller grafiske element? Tenk også over korleis du kan ta overraskande og stilmessige grep. Du kan lese meir om korleis du kan jobbe med det visuelle for å fortelje historia di i artikkelen "Skap den visuelle stilen til filmen".

Svart-kvitt-bilete av kvinne i gammaldags hatt som kikkar med skremde auge over kanten på boka The Greene murder case. I bakgrunnen er det skuggebilete på veggen av hender, m.a. ei som held ein kniv, og ei som held ein pistol. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
4. Etterarbeid

Redigering

I redigeringa set du saman alle elementa dine i eit eigna redigeringsprogram. Her har du framleis moglegheiter for å påverke det ferdige resultatet. Val av lyd, effektar, bilete og klipp avgjer korleis det heile verkar saman.

Eit typisk videoessay varer maksimum fem minutt.

Før du gjer deg ferdig med redigeringa, må du sjekke at

  • lydar er justerte til rett nivå, i god kvalitet

  • bilete/klipp har god kvalitet

  • titlar og grafiske element er lesbare og rett skrivne

  • klippinga er rett, utan plutselege hol eller hopp

  • kjelder og kreditering er med, og i tråd med retningslinjer og regelverk

Siste sjekk før eksport

Før du eksporterer videoessayet, ta ein siste sjekk. Spel av videoen eit par gonger med hovudtelefonar og via høgtalarar. Høyrer du alt du skal? Ser det bra ut? Når du har eksportert, sjå gjennom på nytt for å sjekke at det ikkje har skjedd nokon feil under eksporten.

Evaluer før publisering

Siste trinn før du publiserer og seier deg ferdig, er å la andre sleppe til. Be dei sjå på videoessayet i rolege omgivnader og deretter gi deg tilbakemelding. På denne måten får du hjelp til å finne ut kva som fungerer, og kva som kan forbetrast, før du leverer. Ei oppskrift på korleis det går an å evaluere, finn de i ressursen "Evaluer med sokratisk metode". Test gjerne ut metoden på videoessayet!

Gjer essayet publiseringsklart

Videoessayet kan lagrast i filformat MP4 med H.264. Det er eit mykje brukt videoformat.

Viss du skal publisere på internett, kan du velje ein streng lisens som CC BY-NC-ND (namngjeving, ikkje-kommersiell, ingen endringar). Då kan ikkje andre endre videoen din eller tene pengar på han. Du kan lese meir om Creative Commons og lisensar i artikkelen "Det handlar om å dele: Creative Commons".

Lydredigeringsprogram på ein dataskjerm. I venstre hjørne kan ein sjå silhuetten av ansiktet til ein person som redigerer lyd. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge



CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 27.01.2022

Læringsressursar

Produser medieforteljingar på nye måtar