Munnleg-praktisk oppgåve: personvern i det digitale samfunnet
å bli kjend med fordelar og ulemper ved ny teknologi og digitalisering av samfunns- og arbeidsliv
å forstå kvifor personvern er ein viktig føresetnad for digitalt medborgarskap
å vise at du kan lese og forstå statistikk, og at du kan trekkje ut det mest vesentlege ut av eit offentleg dokument
å kunne presentere eit komplisert saksforhold på ein enkel og spennande måte for eit ungt publikum
å øve på å løyse ei munnleg-praktisk eksamensoppgåve
De skal lage ein presentasjon om personvern i det digitale samfunnet. Målgruppa for denne presentasjonen er vg2-elever. Presentasjonen skal vare i cirka 30 minutt.
De skal bruke eit digitalt presentasjonsverktøy, og presentasjonen skal innehalde både tekst, tabellar, stillbilete, video og lyd. Minimum eitt stillbilete, ein video og eitt lyduttrykk skal vere sjølvproduserte.
Utgangspunktet for presentasjonen er
fagtekstar om digitalt medborgarskap og personvern
Relatert innhald
Kva er kriteria for digitalt medborgarskap, og kva trengst for å vere ein god digital medborgar?
Borgarar av eit digitalt samfunn etterlèt digitale spor overalt. Korleis kan vi sikre at ikkje styresmakter og andre aktørar misbruker det dei veit om oss?
Gjennomføring
Klassen skal delast inn i grupper på fire elevar som samarbeider om å løyse oppdraget. Alle elevane skal i etterkant lage eit individuelt refleksjonsnotat.
Planleggingsfasen
Les oppdraget nøye! Alle i gruppa samarbeider om idéutvikling og research. Fordel dokumenta mellom dykk, og noter viktige stikkord.
Diskuter dykk fram til
kva kjelder de vil bruke i presentasjonen
kva form presentasjonen må ha for å fengje målgruppa
kva medieuttrykk de vil ha med i presentasjonen, og korleis den grunnleggjande estetikken skal vere
kva for digitale verktøy de vil bruke til å lage presentasjonen
korleis den munnlege framføringa skal vere
Lag så ein arbeidsplan for det som skal gjerast, og fordel arbeidsoppgåvene.
Produksjonsfasen
Vel ut relevant informasjon frå skriftlege kjelder. Fotografer og ta relevante video- og lydopptak. Finn òg eksterne bilete, video og lydproduksjonar som kan vere aktuelt å bruke i presentasjonen. Hugs å utøve kjeldekritikk.
Samanlikn tekst, stillbilete, lyd og video til ein digital presentasjon. Hugs å opplyse om kva kjelder de har brukt.
Relatert innhald
Her får du gode tips til kva du bør tenkje på når du skal halde ein presentasjon.
Verktøy for lineære presentasjonar, oversikt over samanhengar og for publisering.
Presentasjonsfasen
Lag eit manus i stikkordform for korleis de vil kommentere den digitale presentasjonen.
Set av 10 minutt til faglege spørsmål frå vg2-elevane de presenterer for. Svar på spørsmåla ut frå den fagkunnskapane de har om emnet digitalt medborgarskap og personvern.
Be om tilbakemelding på måten de presenterte emnet på.
Eigenvurdering
Lag til slutt dei individuelle refleksjonsnotata dykkar, der de vurderer prosess og produkt.