Skriftleg oppgåve: verbaltekst og bilete i samspel
Målet med oppgåva er
å vise at du kjenner til nokre viktige analyseomgrep
å vise at du forstår samspelet mellom verbaltekst og bilete i medieforteljingar
å vise at du kan reflektere over samanhengen mellom form og innhald i ei digital medieforteljing
å vise at du kan utforme ein skriftleg tekstanalyse
Forklar og gi døme på desse omgrepa:
tekstanalyse
dramaturgi
medieforteljing
lineær forteljing
hypertekst-forteljing
feature
Forklar kva vi meiner når vi seier at ein tekst forankrar eit bilete.
Studer bilete 1 i biletpresentasjonen. Korleis styre tittelen Vampyr di oppfatning av Edvard Munchs kjende måleri?
Studer bilete 2 i biletpresentasjonen. Lag to ulike bilettekstar til dette premierte pressefotografiet. Forklar deretter korleis bilettekstane dine bidreg til å styre lesarane si oppfatning av kva dei ser.
Studer bilete 3 i biletpresentasjonen. Beskriv ei nyheitsforteljing der du meiner at dette illustrasjonsbiletet vil passe som hovudbilete.
Det engelske omgrepet "scrollytelling" blir brukt om lange, tekstbaserte forteljingar på nett der stillbilete, lyd, video og animasjonseffektar dukkar opp automatisk når du skrollar deg nedover på nettsida. Navigasjonen mellom elementa i forteljinga er derfor enkel, i motsetning til hypertekstforteljingar som krev at lesaren heile tida gjer medvitne val.
På norsk er det vanleg å kalle slike medieforteljingar for digitale forteljingar eller digitale skrolle-forteljingar. Digitale skrolle-forteljingar har ei estetisk utforming som framhevar det visuelle på ein annan måte enn det vi kjenner frå tradisjonelle nettartiklar.
Du skal no analysere og samanlikne to ulike digitale skrolle-forteljingar.
Tekst 1: Kirkens Bymisjon: Hemmeligheten
Tekst 2: NRK: Skål, fuck i morgen!
I analysen skal du beskrive og samanlikne sjanger, navigasjon, dramaturgi og forteljeteknikk. Du skal også beskrive korleis samspelet mellom tekst, stillbilete, grafikk, lyd og video er med på å engasjere både hjernen og hjartet.
Relatert innhald
Mange journalistiske tekstar er nyheitsforteljingar. Desse bruker fleire dramaturgiske verkemiddel vi kjenner frå fiksjonsforteljingar.
Digitale journalistiske forteljingar er eit medieuttrykk i rask utvikling. Lêr meir om digital historieforteljing.