Hopp til innhald

Fagstoff

Unntak frå reglane om samtykke

Hovudregel er at du må be om samtykke for å publisere eit bilete, men i enkelte tilfelle er det ikkje nødvendig med samtykke. Her får du lista opp fem unntak.
Jente avbilda i 17. mai-toget. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Som ein hovudregel skal ein alltid be om samtykke før ein publiserer eit bilete. Dette er nedfelt i åndsverklova. Men i enkelte tilfelle er det ikkje nødvendig med samtykke. Paragraf § 104 i åndsverklova omhandlar dei 5 unntaka.

  1. Avbildinga har aktuell og allmenn interesse
    Viss saka har aktuell og allmenn interesse, kan bilete publiserast utan samtykke så lenge bileta blir brukte i gitte samanhengar. Du kan med andre ord ikkje bruke eit av bileta dine frå ei nyheitssak til å illustrere ein artikkel om noko anna på bloggen din. Kjendisar, politikarar og andre kjende personlegdommar blir rekna som ‘personar med aktuell og allmenn interesse’, og bilete av dei kan dermed publiserast fritt utan samtykke.
  2. Avbildinga av personen er mindre viktig enn hovudinnhaldet i biletet
    Du fotograferer statsministeren utandørs og får med ein turist i bakgrunnen. Denne personen vil ha eit vern mot å bli avbilda, men fordi fokuset ligg på statsministeren, så blir turisten rekna som mindre viktig i motivet, og samtykke er derfor ikkje nødvendig.
  3. Biletet viser forsamlingar, folketog i friluft eller forhold eller hendingar som har allmenn interesse
    Viss du blir avbilda i 17.mai-toget, i ein demonstrasjon, på ein fotballkamp eller andre offentlege arrangement, så kan du ikkje motsetje deg publisering. Det er vanleg å ta bilete på slike arrangement, og det er frivillig å delta. Bileta kan dermed publiserast utan samtykke så lenge dei blir brukte i gitte samanhengar, og så lenge dei ikkje har tydeleg personfokus.
  4. Eksemplar av avbildinga på vanleg måte blir vist som reklame for fotografen si verksemd, og den avbilda nedlegg ikkje forbod
    Fotografar kan fritt bruke eigne bilete utan samtykke som reklame for eiga verksemd. Mange vel likevel å be kundane signere samtykkeerklæring for sikkerheits skyld, då lovteksten gir dei avbilda anledning til å nedleggje forbod.
  5. Biletet blir brukt som omhandla i § 33 andre ledd eller § 37 tredje ledd
    § 33 andre ledd : ‘(...) åndsverk kan brukast i samband med politiet si kriminalitetsnedkjemping, som bevis, eller ved saksbehandling etter patentlova, designlova og varemerkelova’.
    § 37 tredje ledd : ‘Offentleggjort personbilete i form av fotografisk verk kan mot vederlag visast i tekst av biografisk innhald’.

Vernet gjeld i den avbilda si levetid og 15 år etter utløpet av den avbilda sitt dødsår.

CC BY-SASkrive av Tom Knudsen.
Sist fagleg oppdatert 17.10.2019

Læringsressursar

Juss og etikk i mediekommunikasjon