Stigmatisering og jødehat i media
Sjå den svenske dokumentarfilmen Antisemittismens historie. Filmen varer i sju minutt.
Kvifor hata så mange europearar den jødiske minoriteten?
Korleis bidrog raseteoriar til å stigmatisere jødar, og kva konsekvensar fekk det?
Korleis påverkar konflikten mellom staten Israel og Palestina synet på jødar i Skandinavia i dag?
Kva er forskjellen mellom ein jøde og ein israelar?
I 2020 deltok Live T. Tveit (19), Thelma P. W. Sundby (19) og Elisa T. Bakken (18) frå Elvebakken vidaregåande skule i ein forskingskonkurranse i regi av Holbergprisen i skulen.
Dei undersøkte kva bilete Adresseavisen og Aftenposten gav av den jødiske minoriteten i Noreg i åra rett før andre verdskrigen.
Studer forskingsrapporten Ikke bare mellom linjene: antisemittisme i norsk presse i årene 1938–1939
I avsnitta "Analyse og diskusjon" og "Avsluttende diskusjon" side 13-17 gjer elevane greie for dei viktigaste funna i dette forskingsprosjektet. Kva går desse funna ut på?
Dersom skulen din har tilgang til andre avisarkiv, kan du samanlikne framstillinga av jødar i Adresseavisen og Aftenposten med måten andre aviser framstilte jødar på i same periode.
Det har vore fleire valdelege handlingar retta mot jødar og jødiske mål i Europa det siste tiåret. Søk etter informasjon på nettet og beskriv fem hendingar som har kravd menneskeliv.
Søk etter informasjon om konspirasjonsteoriar om jødar som i dag blir spreidde i sosiale medium. Kva går desse konspirasjonsteoriane ut på?
Studer Institutt for samfunnsforskings rapport frå 2019 Antisemittisme på nett og i sosiale medier i Norge: kjennetegn, avsendere og motvirkning.
Kven er dei viktigaste avsendarane av antisemittiske ytringar på nett og i sosiale medium i Noreg?
Korleis meiner forfattaren at medialisering bidreg til fordommar mot omskjering av jødiske gutebarn?
Korleis meiner forfattaren at skulen kan bidra til å nyansere medialiserte fordommar?
Studer Kommunal- og moderniseringsdepartementets handlingsplan mot antisemittisme 2021–2023.
I handlingsplanen viser departementet til ein studie gjennomført av European Union Agency for Fundamental Rights (FRA) i 2018. Studien viste at 28 prosent av europeiske jødar hadde opplevd trakassering i løpet av det siste året. Departementet viser også til ei norsk undersøking gjennomført av Senter for studiar av Holocaust og livssynsminoritetar, der det går fram at to av tre jødar i Noreg skjuler religionstilhøyrselen sin i offentlegheita for å unngå negative reaksjonar.
Kvifor er det å halde eigen identitet hemmeleg ein trussel mot ytringsfridom og demokrati i Noreg?
Vurder i kva grad dei tiltaka regjeringa beskriv i handlingsplanen, vil styrkje ytringsfridommen til norske jødar.
Relatert innhald
I eit medialisert samfunn bidreg media til å forme og endre religiøse førestillingar og religiøs praksis.