Hopp til innhald

Fagstoff

Leietekstar til praterobotar

Gode leietekstar er viktig når du bruker praterobotar i læringsarbeid. Rolle, presist språk, kontekst, rekkefølge og samtale er fem grunnleggande punkt du kan ta med deg når du skriv leietekstar i praterobotar for å generere tekstar.
Enorm maskin som matar ut tekstark. Ein person står og ser på arka. Illustrasjon.

Til læraren

Ver merksam på at digitale tenester med innlogging kan samle inn persondata, og at dette krev databehandlaravtale.

Bruk til dømes NDLA sin praterobot dersom han er tilgjengeleg for skulen din. Du finn han ved å logge deg inn på Min NDLA.

Kva er ein leietekst?

Ein er instruksen vi skriv inn i ein praterobot. For å få mest mogleg ut av å bruke ein praterobot må du øve deg og lære deg kunsten å lage gode leietekstar. Vi formulerer leietekstar på ulike måtar avhengig av kva vi bruker prateroboten til. Gode leietekstar bidreg til at vi får den hjelpa vi treng.

Det viktigaste er likevel å vite kva du vil, slik at du formulerer deg presist. Dersom du er usikker på kva du er ute etter, vil svara du får òg vere vage og upresise. Dessutan må du vere førebudd på å endre ord, omformulere og legge inn oppfølgingsinstruksar.

Fem generelle tips

  1. Gi roboten ei rolle.

  2. Bruk presise ord og fagomgrep.

  3. Oppgi ein kontekst.

  4. Gi innstruksar i ei logisk rekkefølge.

  5. Før ein samtale og still oppfølgingsspørsmål.

1. Gi roboten ei rolle

Rolla prateroboten får tildelt, gjer at språket han bruker i det genererte svaret, passar til rolla. Seier du at han skal snakke som ein ekspert, vil språket vere meir avansert og detaljert enn om du seier at han skal vere ein grunnskolelærar. Du kan òg gi ei rolle til mottakaren av teksten, og du kan endre roller undervegs i ein samtale. Når du tildeler roller, vil ofte fokuset i svaret vere avgrensa og meir relevant.

Her er nokre døme:

  • "Ver ein geograf."

  • "Du er ein ekspert på regnskog."

  • "Ta rolla som reiseleiar."

  • "Du snakkar med ein barneskuleklasse."

2. Bruk presise ord og fagomgrep

Det er viktig kva omgrep du bruker. Presis bruk av omgrep er til dømes når du skriv "Paris" i staden for "Frankrike" eller ein bestemd dato i staden for ei årstid. Eit faguttrykk vil vere meir presist enn eit ord frå daglegtalen.

Kor presist klarer du å formulere leietekstar?

Vagt

Meir presist

Fortel meg om geografi.Beskriv kjenneteikn ved landskapsformer og vegetasjon for regnskogen i Amazonas.
Gi meg tilbakemelding på teksten min.Korleis kan eg gjere teksten min meir engasjerande?

3. Oppgi ein kontekst

Ein praterobot er avhengig av at du gir han ein kontekst.

Sei at du til dømes ønsker å få tilbakemelding på ein tekst du har skrive. Konteksten du gir roboten, kan til dømes vere: "Gi ei vurdering som om du er lærar i geografi til ein elev som går i [trinn] på vidaregåande. Oppgåva eg jobbar med, er [...]. Kor godt svarer den vedlagte teksten på oppgåva? [...]."

4. Gi instruksar i ei logisk rekkefølge

Ver merksam på rekkefølga på instruksane du gir, og ta berre med ord og uttrykk som er relevante. Upresise ord vil kunne forstyrre svaret. Gå gjerne frå det generelle til det meir spesifikke. Det fungerer ofte betre om du startar ein instruks med kva roboten er og/eller skal gjere, for så å beskrive målgruppa. Beskriv gjerne resultatet du forventar.

Prøv å bygge opp ein leietekst etter dette mønsteret, men med eit anna tema:

"Skriv (1) ein guide (2) for nybyrjarar (3) i bruk (4) av ei programvare (5) for grafiske designarar (6) som jobbar (7) med digital marknadsføring (8)."

Følg opp med nye spørsmål dersom du treng utdjuping av enkeltpunkt.

5. Før ein samtale og still oppfølgingsspørsmål

I staden for å gi alle instruksane i ein leietekst kan du òg fordele dei utover i ein samtale. Teknikken kan òg hjelpe deg med å forstå betre kva du vil ha hjelp til, og avgrense oppgåva du skal løyse.

Her er ein serie med leietekstar du kan bruke etter kvarandre for å få hjelp i arbeidet med ein fagtekst.

  1. "Kan du liste opp undertema til [eit valt tverrfagleg tema]?"

  2. "Gi ei enkel oppsummering av emnet [...] i fem setningar?"

  3. "Formuler tre ulike påstandar innanfor [...]?"

  4. "Kan du gi meg tre sentrale fagomgrep eg må bruke for å drøfte påstanden [...]?"

  5. "Kan du foreslå ein disposisjon for fagteksten?"

  6. "Kva er det viktig å tenke på når eg skal skrive ein fagtekst med ein påstand som utgangspunkt?"

Desse punkta er inspirerte av ein presentasjon delt av Elin Måge i Facebook-gruppa "ChatGPT Norge - Kunstig intelligens i undervisningen".

Kjelde

Måge, E. (u.å.). Hvordan komme i gang? Vi starter å skrive essay [Lysarkpresentasjon]. https://drive.google.com/file/d/1AkaPg0VzzTYxhanbwOS-0lBvnUbV7Vg5/view

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 15.11.2023

Læringsressursar

Bruk praterobotar