Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Generer KI-bilete av menneske

Vi kan generere fantastiske og ganske realistiske motiv ved hjelp av kunstig intelligens (KI). Ser vi nærare etter, kan vi oppdage at personar har seks fingrar, at ledd er på feil plass, eller at kroppsdelar har blitt deformerte. Prøv å generere KI-bilete av menneske.
Mann og kvinne i like boblevestar sit ute ved eit bord. Dei har ei oppslått berbar datamaskin på bordet framfor seg. Dei smiler og ser mot noko som ikkje er med på biletet. På bordet står det også to deformerte koppar. Handa til kvinna har nokre utvekstar på seg og flyt over i den eine koppen. Fjordlandskap i bakgrunnen. KI-foto.

Til læraren

Det kan vere mykje læring i å samanlikne KI-bilete og jobbe med teknikkar saman, både i par, grupper og heil klasse. Elevane kan få heilt ulike resultat med den same instruksjonen. Bilete kan sjå tilsynelatande bra ut, men når vi studerer detaljane på bileta nøyare, kan vi av og til sjå at noko er galent. Elevane kan samanlikne bileta dei generer, og de kan òg sjå på bilete på storskjerm. Sjå gjerne på instruksjonane til bileta () samtidig som de ser på bileta.

Lærarstyring i økta er ein fordel for å sikre at elevane deler erfaringar og lærer av kvarandre fortløpande.

Elevane kan jobbe to og to og samanlikne og diskutere undervegs.

Det finst ulike biletgenereringsverktøy. Vi oppmodar dykk til å bruke verktøy som er godkjende for elevane i fylket, som ikkje krenker personvernet og/eller eksponerer elevar for reklame.

I Adobe-pakken er det biletgeneringmogelegheiter i Photoshop (2024-versjon) og Firefly.

Ulike biletgenereringsverktøy har ulike styrkar og svakheiter. Det kan vere interessant å sjå og samanlikne korleis fleire verktøy genererer innhald basert på den same instruksen.

Les dette før du genererer KI-bilete

Det kan vere vanskeleg å skilje mellom ekte og genererte bilete, no som KI-bilete blir stadig meir realistiske.

Du skal vere open om og tydeleg på at du har brukt biletgenereringsverktøy viss du skal dele resultatet med andre. Forklar kva du har brukt programmet til, og kva du har bedt programmet om å gjere. Opplys om kva program du har brukt, dato for generering og kva instruksar/leietekstar du har gitt.

Set deg inn verktøyet du har brukt. Kva slags teknologi ligg bak? Kva slags biletmateriale har programmet brukt for å trene på å kunne generere bilete?

1. Oppvarming: KI-bilete av menneske

Noter og snakk saman to og to:

  • Kva erfaringar har de gjort dykk med fotorealistiske KI-bilete av menneske? Det gjeld både bilete de har sett, og bilete de eventuelt har generert sjølve.

  • Kan vi sjå at eit bilete er generert? Korleis kan vi i så fall oppdage det?

  • Kva synest de om bruk av realistiske KI-bilete av menneske i reklame eller nyheitssaker?

Ta ein gjennomgang i klassen etterpå. Set opp felles punkt på tavla.

2. Studer og diskuter KI-bilete

Sjå på biletserien med dei KI-genererte bileta under og snakk saman om følgande i par:

  • Ser biletet KI-generert ut? Kvifor / kvifor ikkje?

  • Studer ansikta (auge, nase, øyre, hår). Ser dette rett ut? Kvifor / kvifor ikkje?

  • Korleis er hendene? Kor mange fingrar er det? Ser du tommelen? Har begge hendene lik storleik?

  • Er det noko som skurrar? Er det uklare overgangar mellom ulike element, objekt du ikkje ser kva er, eller noko anna som er feil?

Kommentarar til bileta i biletserien

Bilete 1: Fotball

Instruks: "To unge menn sparkar fotball i Noreg."
Kommentar: Begge personane er i eit unaturleg høgt svev og er på ein gangveg rett ved ein fjord. Ballen er plassert feil i biletet – det ser ikkje ut som at nokon av personane har sparka han eller kjem til å klare å sparke han. Hendene til den eine personen er hakkete, den andre personen ser ut til å mangle armar. Ansikta er hakkete. Det er "klumpete" objekt i biletet ved skoa og ute i fjorden som det ikkje er lett å sjå kva er. Leggen til den eine personen ser vridd ut.

Bilete 2: Saks og briller

Instruks: "Jente ser på handa si. Ho klipper ein tråd med ei saks."
Kommentar: Det er to objekt som er sentrale i biletet, men som ikkje er heilt rette. Det ser ut som personen held eit strikketøy, men saksa er misforma, og hendene held ikkje saksa rett. Fingrane ser delvis rette ut, men det blir feil lengde og form på fingerledda. Hendene er òg store til denne personen. Garnnøstet har feil vinkel slik det ligg på bordet. Personen har briller, og desse er ikkje symmetriske, brilleglaset til venstre i biletet "glir ut i forma" og er mykje større enn brilleglaset til høgre. Brillestonga er kutta, og øyret har fått ein ekstra flapp.

Bilete 3: Vise ring

Instruks: "Person med langt hår viser stolt fram ein ring."
Kommentar: Det er mykje som ser "rett" ut på biletet. Hovudet, med ansikt, hår, auge og øyre, ser ekte ut. Handa til høgre i biletet er meir problematisk. Ved handleddet er biletet litt uskarpt, og det er rar overflate på huda. Handa ser skarp ut, men har fire fingrar. Ein finger er alt for brei, og tommelen er veldig lang og har eit veldig kort ledd. Ringen som personen skal vise, er plassert på veslefingeren, er uskarp og har ikkje rett fasong.

Bilete 4: Jobbing med datamaskin

Instruks: "To personar sit inne på eit kontor og ser på ei interessant nettside på ei datamaskin. Dei er i jobbmodus. Hendene er synlege."
Kommentar: Personane ser meir rett fram i lufta enn på datamaskinskjermen. Det er frykteleg mange fingrar på tastaturet, og det ser ganske uskarpt ut. Øyret til kvinna er ikkje heilt rett, og det ser ut som det både er hår og ein rar øyrepynt som er plassert feil ved øyret. Det er eit fingeraktig element oppå underarmen til kvinna.

Bilete 5: Flette hår på t-banen

Instruks: "Ein mann flettar håret til ei kvinne med langt lyst hår på ein t-bane."
Kommentar: Både mannen og ansikta og kleda til kvinna ser realistiske ut. Problemet er den øvste handa til mannen som ser ut som ho blandar seg delvis med håret til kvinna. Hendene "held seg fast" i håret og flettar ikkje, som instruksen var. Klokka til mannen ser ikkje realistisk ut og passar ikkje med resten av visuelle uttrykte.

Bileta er genererte med Adobe Firefly 2. februar 2024.

3. Gir same spørsmål same svar?

KI bruker store mengder data til å foreslå sannsynlege svar, og desse svara kan vere ulike og meir eller mindre rette.

No skal de sjå kva som skjer når de prøver eit biletgeneringverktøy og spør om det same. Jobb framleis i par.

  1. Begge to skal prøve desse instruksane (). Samanlikn bileta de får. Kor like/ulike er bileta?

    • Tre glade skuleelevar på skulen.

    • Ein motivert lærar underviser i matematikk.

  2. Lag ein felles instruks som de begge prøver i biletgeneringverktøyet. Generer eit bilete to gonger kvar med den same instruksen. Kva skjer?

Smilande jente med sommarfugl i handa og blomstrar i håret. Fjellandskap i bakgrunnen. KI-foto.

4. Bilete med hender og fingrar

Studerer vi hender og fingrar nøye, kan det vere lett å avsløre eit bilete som eit KI-bilete. Prøv å lage bilete der hender og fingrar ser riktige ut.

  1. Individuelt: Lag instruksar/leietekstar til temaa i punktlista under og generer fleire bilete.

    • To personar, den eine vinkar.

    • Person viser fram forlovingsringen sin.

    • Jente med sommarfugl i handa.

  2. I par: Sjå på bileta til kvarandre. Diskuter korleis hendene til personane ser ut, og samanlikn med instruksjonane de gav.

  3. Ta utgangspunkt i eitt av temaa (eitt av punkta) i deloppgåve A over. Lag fleire og stadig meir presise instruksar. Sjå på bileta til kvarandre og diskuter korleis resultata vart.

Tips når du skal generere bilete med hender

  • Presiser at begge hendene skal vere like store.

  • Si noko om plasseringa av hendene i biletet og om korleis personen skal "halde" dei.

  • Gi ei veldig presis beskriving, verktøyet forstår ikkje nødvendigvis kva du vil fram til.

  • Prøv mange gonger, både med same spørsmål og med nye og meir presise spørsmål.

5. Personar som samarbeider

  1. No skal de generere kvart dykkar bilete av to eller tre personar som samarbeider. Prøv fleire instruksjonar til de får eit bilete som ser realistisk ut.

  2. Samanlikn bileta. Kva fungerer best? Kvifor vart dette biletet best? Sjå på instruksjonstekstane til kvarandre. Er det nokon gode tips å hente?

6. Styr blikket

No skal de jobbe med auge og blikkretning. Generer bilete til minst to av punkta under. Lag eigne instruksjonar og spør fleire gonger.

  • Person skriv på datamaskina si.

  • Gut ser forelska på kjærasten sin.

  • Jente ser på kvalp.

To personar sit ved eit sjakkbrett med store sjakkbrikker. Brikkene har ikkje same storleik. Fjell og fjord i bakgrunnen. KI-foto.

7. Sporty aktivitet

  1. Vel ein sport og generer bilete av nokon som held på med denne sporten. Du må gi så presis instruksjon som mogleg, og prøv fleire gonger til du blir fornøgd med resultatet.

  2. Sjå på bileta til kvarandre. Sjekk desse punkta:

    • Ser biletet ekte ut? Kvifor / kvifor ikkje?

    • Ser kroppen riktig ut? Er ledda på rett plass? Rører personen seg på ein naturleg måte?

    • Studer detaljar som auge, øyre, blikk og hender. Stemmer dette?

  3. Samarbeid om å lage instruksjon eit nytt sportsbilete som er endå meir realistisk. Blir biletet betre? Kvifor / kvifor ikkje?

8. Kva veit de no?

  1. Har de lært litt meir om biletgenering av menneske? Svar på desse spørsmåla:

    • Korleis kan ein generere realistiske KI-bilete av menneske?

    • Kva synest de kjenneteiknar gode KI-bilete av menneske?

    • Etter kvart som biletgenereringsverktøy blir betre og vi blir meir trente i å gi gode instruksar, kan det bli endå vanskelegare å skilje ekte bilete frå KI-bilete. Kva tenker de om dette?

    • Korleis kan vi merke bilete så det blir tydeleg at dei er genererte med KI?

  2. Samanfatt saman i klassen.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Stina Grolid.
Sist fagleg oppdatert 02.02.2024

Læringsressursar

Biletgenerering med KI