Av og til når du finn tekstar på nett, kan det vere vanskeleg å finne ut av kva som er formålet med teksten, og kva han vil deg.
Del 1. Jobb aleine
Gå inn på nettsida Be a Man. Utforsk sida du kjem inn på i to–tre minutt og skriv ned:
- Kva slags sjanger er denne teksten?
- Kva vil denne teksten meg?
- Korleis fann eg ut kva slags tekst det var?
Del 2. Jobb i grupper
Gå saman i grupper på fem–seks personar. Samanlikn svara dykkar. Har de skrive det same?
Om de har skrive ulikt: Gå inn på sida og prøv å bli einige om spørsmåla.
- Kva slags nettside er teksten publisert på?
- Kven er avsendaren?
- Kven er målgruppa?
- Kva er formålet med teksten? Finn ei setning i teksten som viser dette.
Del 3. Kvifor i all verda?
Diskuter på gruppa:
- Kvifor i all verda har BIC laga denne kampanjen?
- Synest de dette er ein vellykka kampanje? Grunngi svaret.
- Kva appellformer meiner de dominerer i kampanjen? Vis til konkrete døme.
Del 4. Jobb aleine igjen
Er teksten "Be a Man" frå BIC ein godhjarta kampanje eller kynisk reklame?
Lag eit munnleg innlegg for klassen der du argumenterer for eitt av standpunkta over. Hugs å grunngi standpunktet ditt ved å vise til konkrete døme frå teksten.
Relatert innhald
CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 31.03.2020