Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Bli kjend med skriveoppgåva utan vedlegg

Til eksamen får du to ulike skriveoppgåver, ei oppgåve med vedlegg og ei oppgåve utan. Her skal du bli kjend med skriveoppgåva utan vedlegg. I tillegg skal du lese ein modelltekst og øve deg på å skrive eit godt svar.
Fotografi av ein blomsterbukett som er sett saman av roser og peonar i ulike rosatonar. Buketten ligg på ei sliten, lysfarga bordplate av tre.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skriveoppgåve om ei arbeidsoppgåve i yrkesfaget ditt

Slik kan ei typisk skriveoppgåve utan tekstvedlegg sjå ut:

Du kjenner ein vg1-elev på utdanningsprogrammet ditt som skal utføre ei praktisk arbeidsoppgåve i yrkesfaget ditt.

Skriv ein tekst der du på ein presis måte beskriv korleis denne eleven skal utføre arbeidsoppgåva. Det skal komme tydeleg fram i teksten kva som er utgangspunktet for arbeidsoppgåva, kva for utstyr eleven eventuelt må bruke, korleis hen kan eller bør utføre arbeidet, og kvifor. Bruk relevant fagspråk. Lag òg ei passande overskrift.

Skriv ca. 400–600 ord.

Teksten din vil bli vurdert på desse områda:

  • innhald (svar på oppgåva)

  • struktur (oppbygning av tekst, avsnitt og setningar)

  • språkbruk (formålstenleg språk)

  • bruk av fagspråk (presis språkbruk)

  • formalia (rettskriving, teiknsetting)

Oppgåve 1. Diskuter i grupper

  1. Forstår de heilt nøyaktig kva oppgåva ber dykk om? Ho gir dykk fleire mindre deloppdrag. Finn ut kva oppdrag det er, og skriv ned alle oppdraga under kvarandre.

  2. Kva meiner de er det viktigaste for å få til eit godt svar på denne oppgåva?

  3. Oppgåva nemner kven teksten skal vende seg til. Kven er mottakaren, og kva omsyn bør de ta til denne mottakaren når de skriv teksten?

  4. Kva for fagomgrep vil de bruke i teksten dykkar? Skriv dei ned.

Hugs dette!

For å svare fullstendig på oppgåva, må du hugse å gjere alle deloppdraga. Derfor er det lurt å skrive dei under kvarandre på denne måten:

  1. Eg skal beskrive ei valfri arbeidsoppgåve for ein medelev på vg1.

  2. Eg må skrive om utgangspunktet for oppgåva.

  3. Eg må skrive om kva utstyr som blir brukt.

  4. Eg må forklare korleis ein kan eller bør utføre arbeidet, og kvifor.

  5. Eg må hugsa å komma med døme.

  6. Eg må hugse å lage ei passande overskrift.

  7. Og: Eg må hugse å bruke fagomgrep!

Oppgåve 2. Les eit godt svar

Korleis kan eit godt svar på oppgåva sjå ut? No skal de lese ei skildring av ei praktisk arbeidsoppgåve frå programområdet frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign: korleis ein lagar ein blomsterbukett på bestilling.

Uansett kva utdanningsprogram du har, kan du lære mykje av denne modellteksten når det gjeld

  • struktur

  • setningsbinding

  • bruk av fagomgrep

  • grunngivingar

Filer

  1. Les gjennom arbeidsskildringa "Å lage ein blomsterbukett på bestilling".

  2. I svaret bruker skrivaren mykje du-form og vender seg ofte direkte til mottakaren: Du kan bruke radial grupperingsteknikk ..., Fjern blad og tornar ... Kvifor kan dette vere eit formålstenleg val?

  3. Sjå på inndelinga i avsnitt. Det er til saman sju av dei. Skriv kort under kvart avsnitt kva funksjon det har, eller kva del av arbeidsoppgåva det beskriv (innleiing, pris, innpakning, forklaring på fagomgrep osb.)

  4. Ei større arbeidsoppgåve består av fleire deloppgåver som blir utførte steg for steg. Derfor er det formålstenleg å bruke setningsbindarar som først, deretter, til slutt osb. når du skriv ein instruksjon. Setningsbindarane gjer det tydeleg kva rekkefølge dei enkelte deloppgåvene skal utførast i. Strek under alle tekstbindarane i modellteksten som ordnar deloppgåvene i tid.

  5. Å bruke fagomgrep frå utdanningsprogrammet ditt er viktig om du skal svare godt på denne oppgåva. Strek under alle fagomgrepa i teksten "Å lage ein blomsterbukett på bestilling".

  6. Les gjennom setningane under, og sjå særleg på dei delane som er utheva. Dei er døme på noko som er veldig viktig når du skal beskrive ei arbeidsoppgåve. Kva er det? Diskuter med ein medelev.

    • Det er viktig at dialogen med kunden er god, slik at produktet blir slik hen ønsker.

    • Fjern blad og tornar på den nedste delen av stilken, frå bindepunktet og ned. Då unngår du at det dannar seg bakteriar i vatnet, og blomsterbuketten held seg frisk og fin lenger.

    • Snu buketten mens du jobbar, slik at du skaper likevekt. Spiralen gjer at stilkane låser seg i eit hovudpunkt.

    • Bindepunktet må vere så fast at buketten held forma [...].

    • Når blomstrar blir tekne opp av vatn, tørkar snittflata. Då klarer ikkje blomstrane å trekke vatn. Derfor er det viktig å lage eit nytt snitt når du har bunde buketten.

Svar

Setningane som er utheva, er grunngivingar. Dei fortel kvifor du skal utføre ein arbeidsoperasjon på ein bestemd måte. Setningane som står med vanleg skrift, derimot, gjer greie for sjølve arbeidsoperasjonen eller handlinga du skal utføre.

Det er viktig at du viser kunnskap i programfaget ditt ved å grunngi vala du tek.

Oppgåve 3. Skriv sjølv

Prøv å skrive eit svar sjølv. Vi tilrår at du går fram på denne måten:

  1. Start med å skrive ei innleiing der du beskriv for medeleven din kva som er utgangspunktet for oppgåva. Sidan du skal vende deg til ein vg1-elev, skriv du i du-form.

  2. Forklar oppgåva nøye og steg for steg. Bruk frasar som gjer rekkefølga tydeleg, til dømes:

    • Det første du må gjere, er å ...

    • Så må du ...

    • Det neste du gjer, er å ...

  3. Hugs grunngivingar! Vg1-eleven du vender deg til, treng ikkje berre å forstå kva hen skal gjere, men også kvifor hen skal gjere det. I tillegg skal du gjere grunngivinga tydeleg. Bruk setningsbindarar som fordi, slik at, årsaka er at, derfor osb.

  4. Bruk heile vegen korrekte fagomgrep og sett namn på utstyret vg1-eleven treng.

  5. Avslutt med ei overskrift som beskriv arbeidsoppgåva så presist som mogleg.

Oppgåve 4. Les høgt og gi tilbakemeldingar

  1. Gå saman i grupper. Les svara dykkar høgt for kvarandre.

  2. Gi kvarandre tilbakemeldingar på kva som er bra og kva som kan bli betre.

  3. Gjer teksten din betre etter tilbakemeldingane frå medelevane.

Relatert innhald

Eit magisk triks for å skape god flyt i teksten din er å binde saman både setningar og avsnitt. Lær deg korleis du gjer dette.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 16.12.2021

Læringsressursar

Førebu deg til skriftleg eksamen