Hopp til innhald

Fagstoff

Til lærar: ulike vurderingsformer

Norsklæraren endar fort opp med mange innleveringar som det skal givast grundige og ofte tidkrevjande tilbakemeldingar på. Her kjem nokre tips til ulike måtar å vurdere kompetansen til elevane på som gir variasjon for både elev og lærar.
Karakteren 5+ og teksten "se kommentar i teksten, ellers flott arbeid". Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Munnleg respons på skriftleg tekst

I klasserommet

Gi framovermeldingar medan elevane skriv. Les delar av teksten, til dømes disposisjonen eller eitt avsnitt eller to. Slik fangar du òg fort opp om det er noko fleire elevar har problem med, og som du kan ta opp i plenum.

Innlesne kommentarar

Bruk verktøy der du kan vise tekst på skjerm og lese inn ein kommentar samstundes. Mange elevar liker å høyre læraren forklare. Ei stemme verkar gjerne meir vennleg enn ei kort skriftleg tilbakemelding.

Tilbakemelding til nokre få elevar om gongen

I staden for å ta inn tekstane frå alle elevane etter ei skriveøkt, kan du velje ut til dømes åtte elevar som skal levere inn tekstane sine. Det er mykje meir overkommeleg å gi gode tilbakemeldingar til åtte elevar enn til tretti. Så kan du heller gi tilbakemeldingar til åtte nye elevar i neste skriveøkt.

Fagsamtalar

Når elevane skal førebu seg på eit tema, kan det vere lurt å gi dei både teoretisk lærestoff og tekstar som dei kan nytte teorikunnskapen sin på. Sjølve gjennomføringa kan organiserast på ulike måtar. Vi har nokre tips:

  • Set saman små grupper på maks. fire elevar.
  • La like elevtypar vere på same gruppe.
  • La kvar elev snakke nokre minutt om temaet i starten, gjerne ut frå eit spørsmål eller ei vinkling du har gitt dei på førehand.
  • La elevane kommentere og diskutere temaet fritt.
  • Ver ordstyrar om det trengst, slik at alle får sleppe til.
  • Notér undervegs og set karakter for deg sjølv med ein gong, for det er nesten umogleg å hugse mange detaljar i etterkant.
  • Du kan òg ta opp fagsamtalen og høyre gjennom han ein gong før du noterer grunngivingar og set karakter.

Tips

Slike fagsamtalar fungerer òg godt i ulike videoverktøy, som Teams.

Podkastar

Podkast som vurderingssituasjon er fint for både lærar og elev. Som lærar kan du høyre på podkasten og skrive tilbakemeldingar undervegs. Du kan òg høyre podkasten fleire gonger om du er usikker på karaktersetjinga.

Elevane er vanlegvis litt nervøse når dei skal ha foredrag eller fagsamtalar, men får dei jobbe saman med andre om å spele inn ein podkast, vil gjerne nervøsiteten forsvinne. Dei veit jo at dei ganske enkelt kan slette dårlege bidrag og spele inn podkasten på nytt. Det er heller ingen som ser på eller vurderer dei i den augneblinken dei opnar munnen.

Digitale presentasjonar og undervisningsfilmar

Det er sagt at du først kan noko når du kan forklare det til andre. Derfor er det mykje god læring for elevane i å lage presentasjonar og filmar der dei tek for seg eit avgrensa norskfagleg tema. Målgruppa skal vere medelevar.

Som i andre norskfaglege tekstar skal formålstenleg struktur, sjølvstende, kjeldebruk, refleksjon og språkbruk vurderast. Her vil òg stemmebruk og design (korleis eleven har valt ut og sett saman bilde og tekst) vere relevante å trekkje inn.

Fordelen med slike innleveringar, akkurat som med podkastar, er at du kan sjå gjennom dei fleire gonger når du vurderer, og du treng ikkje bruke av undervisningstida til framføringar. Elevane kan òg få høve til å levere ein ny versjon av presentasjonen eller filmen etter at du har gitt dei respons.

Digitale munnlege innleveringar kan gjerne inngå i skrivemappa som er beskriven under.

Skrivemappe

Læreplanen understrekar at elevane skal få omarbeide eigne tekstar etter rettleiing, ikkje minst gjennom kompetansemålet som seier at eleven skal kunne "vurdere og bearbeide egne tekster ut fra tilbakemeldinger og faglige kriterier". I dette arbeidet kan mappeinnlevering vere ein nyttig metode: Elevane jobbar med fleire korte og lange tekstar i begge målformer gjennom heile året. Frå mappa kan dei plukke ut dei tekstane dei vil ha sluttvurdering på. Kravet frå lærar kan til dømes vere to langsvar og tre kortsvar.

Formativ vurdering

Ved berre å gi framovermeldingar på tekstane undervegs, utan karakter, dreiar ein merksemda mot det eleven kan forbetre. Elevar som ikkje er vande med slik vurdering, kan i starten vere usikre på korleis dei ligg an fagleg. Gi derfor alltid eit tilbod om å snakke om måloppnåing viss dei treng det. Eit godt råd er å unngå å gi eksakte karakterar, men heller oppgi nivå.

Det er òg lurt om du heile tida fortel konkret kva eleven må gjere for å nå målet hen har sett seg. I norskfaget er det spesielt viktig å få eleven til å tenkje langsiktig. Endeleg karakter blir først sett på våren i Vg3.

Vurdering av skrivemappe i norskfaget

Korleis skal du unngå å drukne i vurderingsarbeid når du bruker mappevurdering? Vi har nokre tips:

I startfasen:

  • Gi munnlege framovermeldingar i skriveøkter på skulen.
  • Elevane kan òg gi kvarandre tilbakemeldingar og samarbeide om til dømes idéfase og innleiing.

Når teksten byrjar å bli fullstendig:

  • Be elevane om å levere ei eigenvurdering til kvar tekst og ta utgangspunkt i ho når du kommenterer teksten.
  • Spel inn lydkommentar eller legg inn kommentarar i tekst.
  • Ikkje markér alle feila, men vel ut dei viktigaste forbetringspunkta. I starten er dette gjerne innhald og struktur.
  • I tillegg kan du plukke ut ein språkfeil eller to som går igjen. Legg gjerne inn lenkjer til språkressursane våre om korleis ein kan unngå vanlege feil. Då slepp du å skrive lange forklaringar.
  • Skriv eller les inn ein kort sluttkommentar som oppsummerer både det eleven har fått til, og det eleven må jobbe vidare med. Desse kommentarane kan danne utgangspunkt for ein fagsamtale med eleven i løpet av terminen, og dei kan takast fram når tida er inne for å setje karakter på teksten.

Når mappa er levert:

  • Elevane leverer ei egenvurdering saman med mappetekstane: kva dei føler dei har fått til, kva dei synest har vore vanskeleg.
  • Start med å sjå på kva du har kommentert på tekstane tidlegare. Sjekk om eleven har teke til seg framovermeldingane og forbetra tekstane sine.
  • Notér ned nokre stikkord for deg sjølv: Har eleven berre retta språkfeil du har kommentert, eller har hen gjort større endringar i innhald og struktur? Det siste er langt meir krevjande.
  • Sjå på heilskapen: Kva nivå ligg skrivekompetansen til eleven på akkurat no? I kva grad har eleven greidd å omarbeide tekstane sine, jf. kompetansemålet? Sett karakter ut frå det.
  • Sjå på eigenvurderinga til elevane. Ofte treffer dei godt på eigne evner. Ta utgangspunkt i eigenvurderinga når du skal grunngi karakteren du set på heile mappa.

  • Skriv ei grunngiving for karakteren du set på heile skrivemappa. Du treng ikkje skrive ein kommentar til kvar tekst. Det har dei fått undervegs i skriveopplæringa. Igjen: Tilby elevar ein fagsamtale om dei ønskjer ei nærare grunngiving for karakteren.

Relatert innhald

Mappevurdering som opplæringsform er ei tilnærming til elevvurdering i skulen som styrkjer forståinga til elevane for eiga læring.

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe og Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 26.06.2020

Læringsressursar

Korleis jobbe med norskfaget?