Kva er mappevurdering? - Verktøykassa – for lærarar - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kva er mappevurdering?

Når skular og faglærarar tek i bruk mappevurdering, flyttar fokuset seg frå undervisninga til læraren til læringa til elevane. Eleven får dermed eit system som støttar forståing for eiga læring.

Mappemetodikk er:

En systematisk samling elevarbeider som viser innsats, framskritt og prestasjoner innenfor ett eller flere områder. Samlingen må omfatte elevmedvirkning når det gjelder valg av innhold, utvalgskriterier og kriterier for å bedømme nivåer, og den må vise elevens selvrefleksjoner.
(Paulson, Paulson og Meyer 1991:6-61).

Formål for mappevurderinga

Jo meir gjennomtenkt formålet er for mappevurderinga, desto betre fungerer mappemetodikk som pedagogisk reiskap.

Mappemetodikk eignar seg særleg til:

  • å få kontinuitet i læringsarbeidet
  • å fremje fagleg kvalitet
  • å heve motivasjonen til elevane
  • å betre vurderingsgrunnlaget
  • å gi elevane moglegheit til å sjå samanhengen mellom læringsutbytte, rettleiing, arbeidsinnsats, oppgåver og vurdering.

Læring og vurdering

I mappemetodikk blir det lagt opp til ein tett samanheng mellom læring og vurdering. Elevar dokumenterer eige læringsarbeid i ei eiga arbeidsmappe og får moglegheita til å forbetre arbeida gjennom eit skuleår.

I sluttmappa blir det lagt eit omarbeidd utval frå arbeidsmappa. Sluttmappa er grunnlag for sluttvurdering i faget. Utvalet blir gjerne gjort med utgangspunkt i respons frå lærar og/eller medelevar. Ei eigenvurdering blir gjerne lagt ved i sluttmappa. Her argumenterer eleven for utvalet i sluttmappa.

Elevsyn

Mappemetodikk hjelper oss å sjå elevar som aktivt skapande og med store ressursar. Vi kan skape tru hos eleven på at det nyttar å arbeide og forbetre arbeidet sitt. Elevane kan måle seg mot sine eigne tidlegare prestasjonar i staden for opp mot andre sine. Dei får òg høve til å løfte fram det som er bra og det som dei er stolte over.

Respons og eigenevaluering

Respons mellom elevar og eigenvurdering sikrar at elevane har fokus på si eiga læring. Når elevane må gi konstruktiv respons til kvarandre, utviklar dei òg eigne kritiske evner. Å gi respons er ei evne som krev lang trening og god tilrettelegging frå lærar.

Ved eigenvurdering må elevane øve seg på å forstå kva det vil seie å ha gode fagkunnskapar i det aktuelle faget.

Elevar treng opplæring i mappearbeid

  1. Ta vare på eige arbeid og halde orden.
  2. Vurdere andre sitt arbeid.
  3. Forstå kvalitetskriterium for fag og kva dei betyr i praksis for eige arbeid.
  4. Bruke prosessorienterte skrivestrategiar.
  5. Gi og gjere seg nytte av respons.
  6. Vise samanhengen mellom eigen innsats og resultat.
  7. Reflektere over eige arbeid.

Kjelde

Dysthe, O. (2007). Mappevurdering som opplæringsform. I S. Tveit (Red.), Elevvurdering i skolen. Grunnlag for kulturendring, (s. 133-143). Oslo: Universitetsforlaget.

Skrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 02.04.2020