Hopp til innhald

Fagstoff

Sjangerblanding

Vi har godt av å møte både personar og tekstar som utfordrar dei vande førestellingane og forventningane våre. Likevel har også handfaste, klare reglar og forventningar sine fordelar! Les meir om sjangerreglar og sjangerblanding.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sjangerblanding

Sjangerreglar og sjangerkunnskap hjelper oss å forstå ein tekst raskare og å tolke han etter formålet. Men sjangermønstra bind oss ikkje heilt. Om vi les eller høyrer ein tekst som blandar element frå fleire sjangrar, kan vi ofte forstå han likevel. Nettopp det at vi kjenner mange sjangrar frå før, gjer at vi kan kjenne dei att òg som element i nye kombinasjonar.

Når kan vi snakke om ein ny sjanger?

Folkemusikk og rock er kjende sjangrar. Er då folkrock ein blandingssjanger, eller er han ein eigen sjanger? Når kan vi seie at ein ny sjanger er fødd?

Uttrykk som blandingssjangrar eller hybridar vert brukte når ei kommunikasjonsfom er så ny at ho enno ikkje har fått noka fast nemning. Men det vert ingen ny sjanger av eitt enkelt eksemplar. For at noko skal verte ein ny sjanger, må det skapast eit nytt mønster, og det får vi først når fleire følgjer etter og bruker den same blandinga. Etter kvart som den nye forma vert brukt og kjend, vert ho ikkje lenger forstått ut frå "opphavet" sitt, men ut frå seg sjølv.

Dokudramaet som døme

Eit døme på ei slik blanding er dokudramaet, som er ein nokså fersk filmsjanger. I dokudramaet blandar filmskaparen element frå dokumentarfilm og spelefilm. Hendingar frå røyndommen vert dramatiserte og spelte av skodespelarar. Dramatiseringa levandegjer hendingane for tilskodaren og engasjerer kjenslene.

Samstundes bruker regissøren ofte typiske element frå dokumentarsjangeren, til dømes utdrag frå nyheitsinnslag eller skildringar frå augevitne, og ei kommentatorstemme bind dei ulike delane saman. Gjennom dramatiseringa ønskjer filmskaparen å gjere stoffet levande for tilskodarane.

Eit døme på eit dokudrama er spelefilmen Der Untergang. I denne filmen framstiller den sveitsiske skodespelaren Bruno Ganz den historiske personen Adolf Hitler.

Sjangerbrott

Å bryte med sjangerreglane kan skape spennande tekster og utfordre mottakaren. Det krev god sjangerkunnskap å gjere dette godt. Du må også vurdere i kva situasjonar det kan fungere å leike med sjangerforventningane.

Somme gonger går det gale når vi prøver å tøye eller bryte sjangerreglane. Ein lesar til dømes har ofte klare forventningar til ein sjanger, og brott på sjangerreglane kan føre til at han ikkje lenger er sikker på korleis teksten skal verte oppfatta. Då risikerer vi at mottakaren vert irritert, og at han ikkje forstår eller tek det vi seier alvorleg.

Diskuter med ein medelev: I kva for tekstsjangrar og situasjonar trur de det er spesielt lurt å halde seg til sjangerreglane?

Relatert innhald

Svar på oppsummeringsspørsmål til teksten "Sjangerblanding" og vurder to plakatar.

CC BY-NC-SASkrive av Eli Glomnes.
Sist fagleg oppdatert 25.01.2018

Læringsressursar

Litt om sjanger