Øvelse
Sjangerblanding
Svar på oppsummeringsspørsmål til teksten "Sjangerblanding" og vurder to plakatar.
Kva hugsar du frå fagteksten om sjangerblanding?
- Kvifor treng vi sjangerkunnskap?
- Forklar omgrepet blandingssjanger (hybrid).
- Kva må til for at ei blanding skal verte ein eigen sjanger?
- Kva er eit dokudrama? Forklar.
- Kva er forskjellen mellom sjangerblanding og sjangerbrott?
Sjå nærare på dei to reklameplakatane ovanfor og løys oppgåva.
- Kva er salsbodskapen i desse to plakatane?
- Kva for sjangrar låner plakatane trekk frå? Gi døme på slike lånte trekk.
- Beskriv skrifttypane i dei to plakat-titlane. Korleis passar dei til bileta?
- Kva slags inntrykk av faga matematikk og biologi skaper bileta og skrifttypane?
- Kva vil sendaren oppnå med denne sjangerblandinga?
- Synest du sendaren har oppnådd det han ville?
Kva dømer på sjangerblanding kjenner du til? Diskuter gjerne med ein medelev.
- Kva sjangrar er blanda?
- Kva effekt har sjangerblandinga på mottakaren?
Relatert innhald
Fagstoff
SjangerblandingSjangerreglar er nyttige, men dei er ikkje ufråvikelege. Les om sjangerreglar og sjangerblanding.