Sjangerinndeling
Kva røper sjangernamnet?
Sjangernemningar framhevar bestemte karakteristiske trekk ved ein tekst, til dømes form, formål, emne (tema), sendar, mottakar, medium eller situasjon.
Døme
Nemninga barnedikt fortel kven som er målgruppa for diktet.
Del 1: Diktsjangrar
Sjå på lista over ulike typar dikt nedanfor. Kva for sider ved teksten er det "sjangermerkelappen" seier noko om?
- barnedikt
- heltedikt
- limerick
- kampdikt
- figurdikt
- kjærleiksdikt
- skaldedikt
- vekeblad-dikt
- bryllaupsdikt
- vaksendikt
- haiku-dikt
- fotballdikt
- høvesdikt
- naturdikt
- hyllingsdikt
- morodikt
Del 2: Samansette uttrykk
Døme
Sjangernamnet avisreportasje seier noko om medium (avis) og form (reportasje). Ein reportasje er ein journalistisk tekst der journalisten har vore "i felten", besøkt stader, intervjua folk og skriv om dette. Ein avisreportasje er ein reportasje som vert trykt i ei avis, eller vert lagd ut på nett.
Sjangernemningane i lista nedanfor er samansette uttrykk.
- Forklar kva slags informasjon sjangernamna gir.
- Forklar med eigne ord kva som er typisk for sjangeren.
- møtereferat
- dyreeventyr
- gutebok
- historisk roman
- bryllaupstale
- hatmelding
- stemningsrapport
- norskblogg
- sportsrevyen
- jussforelesing
- ættesaga
- brukarrettleiing
- russerevy
- telefonsamtale
- skillingsdikt
- vekeblad
Del 3: Hovedsjangrar og undersjangrar
Døme
Eventyr kan delast inn ulike typar:
- undereventyr
- dyreeventyr
- skjemteeventyr
- legendeeventyr
- regle-eventyr
- eventyr om menneske som lurar dei underjordiske
Inndelinga legg vekt på kva eventyra handlar om (innhaldet). Nemninga regle-eventyr seier dessutan noko om forma.
Vel ein av sjangrane frå lista nedanfor. Gi fem døme på undersjangrar, og forklar kort kva inndelinga bygger på.
- dataspel
- spelefilm
- teikneserie
- tv-underhaldning
- drama
- reklame
- jazz
- rock
- klassisk musikk
Del 4: Finn undersjangrar

Ta for deg anten romansjangeren eller spelefilmsjangeren. Finn døme på undersjangrar som seier noko om
- mottakar (målgruppe)
- innhald
- form
- formål
- sendar
- medium
Du skal berre finne eitt døme til kvart punkt.
Relatert innhald
Repeter kva sjanger er for noko, og korleis vi bruker sjangernemningar.