Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utforsk Edda som ein litteraturforskar

Kva forhold hadde vikingane til døden? Prøv å finne svaret ved å utforske kjelder om norrøn mytologi. Målet er å finne ut kva vikingane trudde skjedde etter døden. For å få til det må du gå til dei eldste skriftlege kjeldene vi har om gudane.
Måleri av livet i Valhall. Mannlege krigarar, einherjar, sit ved borda. Dei blir serverte mat og mjød av kvinnelege valkyrjer. Til høgre ser vi Odin med ein av ulvane sine. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Til læraren

Samarbeid gjerne med historielæraren om dette opplegget. La elevane først lese artikkelen "Ibn Fadlans reisebeskrivelse" på Norgeshistorie.no. Diskuter korleis vikingane sitt forhold til døden blir framstilt der, og vurder kjelda kritisk.

Deretter kan de gå gjennom denne NDLA-ressursen. Det vil gi eit godt innblikk i korleis både historikarar og filologar bruker kjelder, og kva for nokre skriftlege kjelder vi har til vikingtida. I tillegg vil det gi god øving i kritisk tilnærming til ein tekst.

Del 1: Kva veit de frå før?

Diskuter i grupper og finn ut kva de veit frå før om følgjande:

  • Kva trudde vikingane skjedde etter døden?

  • Kva gudar i norrøn mytologi knyter vi til mytar om etterlivet?

  • Hadde vikingane nokon førestillingar om verdsens ende?

Del 2: Utforsk eddadiktinga

Omslaget til ei gammal bok. Her er det ei rekkje illustrasjonar av dyr (hestar, griser og kyr), menneske og ei kyrkje. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei viktigaste kjeldene våre til den norrøne mytologien er Den yngre Edda (også kalla Snorre-Edda), skriven av Snorre Sturlason på 1220-talet. Ei anna viktig kjelde er Den eldre Edda, ei bok med ukjend forfattar. Også den blei sannsynlegvis skriven på 1200-talet.

Men vikingtida varte frå ca. 800 til 1050. Desse kjeldene er altså baserte på munnlege overleveringar heilt frå 700-talet. Først på 1200-talet, altså i mellomalderen, blei forteljingane om dei norrøne gudane skrivne ned.

Utforskande arbeid

No skal de lese utdrag frå desse to bøkene for å finne ut kva forhold vikingane hadde til døden. Litteraturforskarar må naturlegvis lese kjeldene på originalspråket, men vi har modernisert det for å gjere jobben enklare for dykk.

Gå fram slik:

I presentasjonen nedanfor finn du ei strofe frå kjeldene på kvar side. Les strofa øvst og bruke internett til å finne svar på spørsmåla under strofa. De kan gjerne jobbe to og to.

NB! Vis kjeldekritikk ved å finne minst to kjelder til ordet de søkjer opp. Dette gjeld særleg om de bruker Wikipedia som hovudkjelde. Skriv ned kva to kjelder de har brukt til kvar oppgåve.

Del 3: Kva inntrykk får de av vikingane?

Skriv fritt i fem–ti minutt:

  1. Samanlikn vikingane sitt syn på livet etter døden med andre religionar de kjenner til. Legg de merke til nokon viktige forskjellar eller likskapar?

  2. Kva seier utdraga de nettopp las, om kva vikingane såg på som rette måtar å leve på? (Legg merke til dagleglivet i Valhall og kven som kom dit.)

Diskuter deretter svara dykkar med andre i klassen.

Ein gammal illustrasjon av Valhall. Ei rekkje krigarar rir mot eit stort bygg med søyler og utsmykkingar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 4: Norrøn mytologi i kunsten

På 1800-talet blei mange av kunstnarane opptekne av norrøn mytologi. De vil finne flotte måleri av mellom anna Valhall, einherjar og Odin om de søkjer på internett.

Lag ein presentasjon der de kombinerer tekst og bilete. Teksten skal forklare kva syn vikingane hadde på døden, mens måleria skal visualisere det de skriv.

Del 5: Kjelder til norrøn mytologi

  1. Samanlikn kjeldene de har brukt, med eit anna par i klassen. Vurder deretter om kjeldene de har brukt, er truverdige. Legg merke til at de kan trykkje på "Vis historikk" (oppe til høgre) i Wikipedia-artiklar. Her kan de gå inn og trykkje på namnet til dei som har redigert artikkelen. Kva får de vite om desse? Er dei fagpersonar de kan stole på?

  2. Dei som forskar på norrøn mytologi, bruker nok ikkje Store norske leksikon (SNL) og Wikipedia for å finne ut kva vikingane trudde på. Les om korleis filologar bruker ulike kjelder, i artikkelen "norrøn mytologi" på SNL. Lag deretter ei oversikt over kva kjelder forskarar bruker for å få kunnskap om trua til vikingane.

Kjelder

Edda-dikt (Ludvig Holm-Olsen, Overs., 1975). J.W. Cappelens Forlag.

Snorres Edda. Uddrag af Edda Snorra Sturlusonar (Jesper Lauridsen, Overs., 2020). Heimskringla Reprint. Henta frå https://heimskringla.no/wiki/uddrag_af_snorres_edda

Relatert innhald

Kva forhold hadde vikingane til døden? Utforsk spørsmålet ved å lese Håvamål og setje diktverket i kontekst.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 23.02.2022

Læringsressursar

Memento mori